Eit SAS Braathens-fly som måtte nødlande tre gongar på to månader har fått ny motor.Flyet nødlanda på Flesland 9. januar, då det var på veg frå Bergen til Molde, etter at det kom røyk i kabinen.
Fleire problem
Det same Fokker 50-flyet nødlanda også 13.desember i fjor, etter at lampa som viser at nasehjulet er ute ikkje verka.Også i november måtte flyet returnere til Bergen på grunn av tekniske problem,skriv Bergens Tidende