Ny linjespelar til Molde
Molde handball Elite har sikra seg ein ny linjespelar. Det er den 24 år gamle Christine Glasø som kjem frå Fjellhammer. Trenar Tor Oddvar Moen seier Glasø er ein fysisk tøff og duellsterk linjespelar, og som han trur kjem til å utvikle seg mykje i eliteserien.