Ny lekkasje ved Ålesund sjukehus

Helse Møre og Romsdal melder at det er nye vasslekkasjar ved fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus. Lekkasjen er i det same området som hadde lekkasje i starten av desember. Som ein konsekvens av redusert kapasitet, kan fødande bli tilvist til andre sjukehus. Det skriv helseføretaket på sine nettsider. – Fødande som skal føde ved Ålesund sjukehus må framleis ta kontakt med avdelinga som planlagt, seier avdelingssjef Janita Skogeng. Helse Møre og Romsdal opplyser at dei har sett i verk umiddelbare taktekkingstiltak.

Janita Skogeng
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK