Ny leiar i Møre og Romsdal Venstre

Britt Giske Andersen frå Giske er ny fylkesleiar i Venstre. Nestleiarar er Toivo Brennløkken og Tove Rokstad. Fylkesårsmøtet går mellom anna mot planane om å etablere eit nasjonalt deponi for uorganisk avfall ved Raudsand gruver i Nesset. Fylkeslaget går og inn for at eit nasjonalt marint formidlingssenter må bli lagt til Atlanterhavsparken i Ålesund.

Fylkesleiar Britt Giske Andersen i Venstre
Foto: Møre og Romsdal Venstre