Hopp til innhold

Ny landingsplass i Geiranger

Helse Møre og Romsdal vil sjå seg om etter ein ny landingsplass for ambulansehelikopter i Geiranger. Til no har luftambulansen brukt ein landingsplass ved Norsk Fjordsenter. Det er Norsk Fjordsenter som har bede Helse Møre og Romsdal om å finne seg ein annan stad å lande. Helse Møre og Romsdal er samd i at landingane bør gå føre seg på ein annan stad, ikkje minst av omsyn til tryggleiken, går det fram av eit brev til Norsk Fjordsenter.