Hopp til innhold

Ny laks ekstra motstandsdyktig mot lakselus

Aqua Gen har tru på at den nye genutvalde laksen vil overta oppdrettsnæringa i framtida, men Naturvernforbundet er skeptiske til måten det blir gjort på.

Oppdrettslaks

Den nye laksen veks raskare og er ekstra motstandsdyktig mot lakselus.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Lakselus blir omtalt som den største utfordringa til oppdrettsnæringa her i landet. I år lanserer Aqua Gen i Tingvoll eit nytt rognprodukt som både er meir motstandsdyktig mot lus, veks fortare og toler meir handtering.

Tore Mjelde Aqua Gen

Dagleg leiar for Aqua Gen i Tingvoll, Tore Mjelde er spent på korleis det nye programmet vil bli motteke blant forbrukarane.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Det vi gjer no, er at vi tek i bruk nye metodar for å hjelpe oss å plukke ut dei fiskane som er aller mest resistente mot lusa. Det vil gje lågare lusenivå, seier Tore Mjelde.

Mjelde er dagleg leiar ved Aqua Gen i Tingvoll som driv med avlsutvikling av laks. Han er godt nøgd med det nye produktet.

– Vi forventar 30–40 % reduksjon i lusenivået på desse gruppene samanlikna med grupper som ikkje er selektert.

Berre 1 av 1000 vert godkjend

På Tingvoll er fisken i full gong med å produsere den nye rogna som skal ut i marknaden i haust. Utveljinga av laksen er familie- og individbasert, i tillegg til genomisk. Det er ein nøysam prosess.

– Fisken er knallhardt selektert. Vi har tatt vevsprøver og genotypar av både ho- og hannfisk. 1 av 1000 hannfisk får vere med på det nye prosjektet, så det er berre dei aller beste som vert med heilt til slutt, seier Mjelde.

Har testa laksen i 6 år

Nina Santi

Administrerande direktør, Nina Santi seier Aqua Gen kjem til å satse på ein produksjon av desse produkta framover.

Foto: Aqua Gen / NRK

Aqua Gen bygger på norsk forsking tilbake til 70-talet. Nina Santi, administrerande direktør ved hovudkontoret i Trondheim, fortel at uttestinga av den luseresistente laksen har gått føre seg i 6 år.

Er det denne typen laks som skal overta i framtida?

– Ja, på sikt så trur eg det. Vi ser at det er viktig å ha kort og effektiv produksjon på sjøen med minst mogleg luseproblem. Dette er det beste både for miljøet og økonomien.

Skeptisk til genutval

Naturvernforbundet er spektiske til nyheita om genutvald luseresistent laks. Det er for mykje som kan gå gale, meiner lokalleiar Øystein Folden.

Øystein Folden

Øystein Folden i Naturvernforbundet er i utgangspunktet skeptisk, spesielt dersom ein har selektert vekk noko ein ikkje bør.

Foto: Øystein Folden

– Når det er selektert i forhold til fordeling av lakselusa, så veit vi ikkje sikkert kva anna som er selektert vekk. Det kan vere eigenskapar som er viktige for laksen, seier han.

– Så lenge laksen frå tid til annan stikk av frå mærdene, vil dette vere eit eksperiment som vi ikkje veit heilt utfallet av, meiner Folden.

Positivt med nye løysingar

Mattilsynet meiner det er positivt at næringa prøver å finne andre løysingar enn kjemiske for å kontrollere lakselusa.

– Det er naudsynt, seier seniorrådgjevar, Stian Johnsen.

Tore Mjelde er spent på korleis produktet vil bli motteke på marknaden.

– Eg er spent på om kundane vil ha trua på det nye produktet, for vi trur no på det sjølv.