NRK Meny
Normal

Ny kulturskule skal gi dei unge eit betre tilbod

I Molde var det stor stas i ettermiddag då den nye kulturskulen vart offisielt opna. Mange gledde seg over bygget til 125 millionar kroner, ikkje minst dei unge brukarane.

Ana Teresa Bici danseelev t v og lærar Elisabeth Ludwig.
Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det var dei unge som stod for underhaldinga, då det offisielle Molde og fylkeskommunen samla seg til opninga av den nye kulturskulen i Molde torsdag ettermiddag.

– Det er veldig fint at vi har fått ein heilt ny kulturskule. Før var vi spreidd over fleire lokale, så eg synest det er veldig bra at dei no har bygd ein kulturskule der alt samla, seier danseelev Ana Teresa Bici, som deltok på opninga.

Populært tilbod

Den nye kulturskulen til 125 millionar kroner består av gamlefengselet i Molde og to andre, nye bygg. Fylkeskommunen er med på finansieringa som leigetakar for elevar frå Molde vidaregåande skule.

Kishanth Uvakanth

Kishanth Uvakanth har vore kulturskuleelev i fem år. Han synest det er supert med ny skule.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Kulturskulen er eit svært populært tilbod i Molde, og til saman eitt tusen barn og unge er med.

– Eg trur kanskje at enno fleire blir interessert i å starte no. Vi har fått større lokale og eg trur det blir meir samspel og lettare å bli kjent med enno fleire folk, seier Kishanth Uvakanth, som er elev ved skulen.

Har innfridd forventningane

Delar av interiøret i gamlefengselet er framleis med, i dette nyaste tilskottet i kommunen som er rangert blant dei 10 beste på kulturfronten her i landet. Skulen har alt vore i bruk i ein månad og konklusjonane er klar.

Elevar Molde kulturskule

Elevane ved kulturskulen trur dei kome til å øve meir no når dei har dei nye lokala.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Det betyr fantastisk mykje for alle barna og ungdomane som held på med kunstfag, musikk, dans og teater. Forventningane til skulen er allereie innfridd. Det skjer ting heile tida og det er konstant folk her, seier Ingvild Aas, rektor ved Molde kulturskule.

Og dei som skal bruke den nye kunstskulen er også fornøgd med dei nye lokala.

– Eg syns det er kjempebra. Det er med å utvikle kulturen i Molde, seier Kristian Stavik.

– Eg kjem til å øve meir no når vi har desse nye lokala. Og så ser eg fram til konsertane i den nye konsertsalen, seier Tuva Halse.