Hopp til innhold

Ny kraftlinje gjer Midt-Noreg betre rusta til ekstremvêr

Då ekstremvêret Dagmar herja i 2011 miste tusenvis straumen i dagevis. Den nyopna kraftlinja mellom Ørskog og Sogndal gjer straumnettet tryggare og hindrar slike situasjonar.

Strømledninger over Sognefjorden

Høgspentlinja over Sognefjorden vart sett ut av spel av Dagmar, noko som førte til at Fjærland var utan straum i over to døgn.

Foto: Tor Yttri / SCANPIX

I romjula 2011 feia ekstremvêret Dagmar inn over Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag. Straumen forsvann i store område og over 1,3 million nordmenn vart straumlause. Nokre tusen var utan straum i fleire dagar. Dersom det kjem nytt ekstremvêr, skal den nye kraftleidninga mellom Ørskog og Sogndal sørge for at dette ikkje skjer igjen.

– Vi kan aldri garantere oss mot straumbrot i framtida, men det skal ikkje gå så lenge der store område er utan straum, seier Lodve Solholm. Han er Fylkesmann i Møre og Romsdal og ansvarleg for beredskapen.

Lodve Solholm

Fylkesmann Lodve Solholm er glad for at den nye kraftlinja er på plass.

Foto: Roar Strøm / NRK

Toler meir

Tysdag kopla Statnett på den siste delen av den 300 kilometer lange kraftleidninga, som vart bygt fordi Midt-Noreg har hatt eit stort underskot av energi.

797 master gjer straumforbindinga i Midt-Noreg tryggare.

– No er forbindelsen sterkare, slik at vi kan gjenopprette nettet raskare etter eit straumbrot, seier kommunikasjonssjef i Statnett, Martha Hagerup Nilson.

I tillegg er den nye kraftleidninga kraftigare og meir solid enn den gamle, og toler dermed

Martha Hagerup Nilson

Martha Hagerup Nilson i Statnett har jobba med prosjektet i sju år. I går kom heile strekninga i drift.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

meir.

Utan straum og mobil

Fylkesmann Lodve Solholm er glad for at kraftlinja endeleg er på plass. Han ynskjer ikkje å bli ståande i same situasjon som i romjula for fem år sidan. Han minnast at han måtte snu på veg til juleselskap i uveret og sette krisestab. Problemet var at han ikkje fekk tak i folk fordi straumen var borte og mobilnettet var nede.

– Heile samfunnet blir ramma når straumen går. Ikkje verkar mobil, telefon og alt folk er avhengige av. Mange hus er basert på elektrisk oppvarming, seier Solholm.

Moskog

Den nye kraftlinja mellom Ørskog og Sogndal gjer at straumforsyninga er tryggare.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL