Hopp til innhold

Ny kraftlinje blir ikkje ferdig til 2015

Den nye kraftlinja til Statnett mellom Ørskog og Sogndal blir forseinka. Årsaka er at dei ikkje har fått nødvendige løyve til å bygge heile traseen.

Kraftline

Arbeidet med den nye kraftlinja er godt i gang, men ho vil ikkje bli ferdig til 2015.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi har hatt som mål å få kraftlinja ferdig innan utgangen av 2015. Det er ikkje lenger muleg. Dette er beklageleg, seier konserndirektøren i Statnett, Håkon Borgen i ei pressemelding.

Les:

Ny framdriftsplan

Statnett har i dag vedteke ein ny framdriftsplan der linja mellom Ørskog og Høyanger blir sett i drift i løpet av 2015. Den siste strekninga frå Høyanger til Sogndal blir ikkje ferdig før i 2016.

Men Statnett må få dei nødvendige løyva og tilgang til tomt til transformatorstasjon i Bremanger innan september 2013 om dei skal klare å halde denne framdriftsplanen.

Statnett har klaga på Fylkesmannen sitt avslag på søknad om dispensasjon til å krysse Sørdalen naturreservat i Bremanger. Dei har også bede Namsmannen avklare tilgang til eigedomar i Flora og Bremanger der grunneigarar har nekta Statnett tilgang.

Kart over kraftlinje mellom Ørskog - Fardal

Kraftlinja mellom Ørskog og Sogndal.

Foto: Olje- og energidepartementet

Ikkje like bra forsyningstryggleik

Konsekvensen av forseinkinga er mellom anna at straumforsyningstryggleiken til Midt-Noreg ikkje vil vere normalisert før heile strekninga er ferdig.

I 2015 vil Sogn og Fjordane og sørlege del av Møre og Romsdal få normalisert forsyningstryggleik, men først når heile prosjektet frå Ørskog til Sogndal er ferdig vil tryggleiken vere normalisert i heile Midt-Noreg, skriv Statnett.

Les:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL