Hopp til innhold

Ny kontrakt til Vard

Vard har skrive kontrakt om bygging av eit ekspedisjonscruiseskip. Designavdelinga i Ålesund har i samarbeid med kjøpar utarbeidd korleis skipet skal sjå ut og vere.

Vard skal bygge ekspedisjonscruisefartøy

Vard ser fram til eit samarbeid med australske Coral Expeditions om bygginga av dette ekspedisjonscruisefartøyet.

Foto: Pressebilde / VARD

Skipet blir bygd i Vietnam og skal vere ferdig i 2019. Sjølv om bygginga foregår i Asia er den viktig for fleire avdelingar innan Vard.

Informasjonssjef Hege Akselvoll i Aker Yards.

Sjølv om skipet blir bygd i Vietnam er det ein viktig kontrakt også for Vard-avdelingar lokalt, seier kommunikasjonsdirektør Hege Akselvoll.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen, NRK

– For designavdelinga, sjølvsagt, men og for utstyrsavdeling og elektroavdeling, fortel kommunikasjonsdirektør Hege Akselvoll.

Skipet blir 93,5 meter landt, 17,2 meter breidt og skal ha plass til 120 passasjerar.

Direktør Roy Reite ønskjer Coral Expeditons som kunde i Vard. Han er stolt over at Vard har blitt valt for skipsbyggar for selskapet i Australia, og ser fram til samarbeidet.

Dette selskapet har lange tradisjonar med fleire skip som blir brukte i cruisetrafikk allereie.