Hopp til innhold

Ny kontrakt til Vard

Vard har skrive kontrakt om bygging av eit ekspedisjonsskip. Designavdelinga i Ålesund har i samarbeid med kjøpar utarbeidd korleis skipet skal sjå ut. Skipet blir bygd i Vietnam og skal vere ferdig i 2019. Sjølv om bygginga foregår i Asia er den viktig for fleire avdelingar innan Vard. – For designavdelinga, sjølvsagt, men og for utstyrsavdeling og elektroavdeling, fortel kommunikasjonsdirektør Hege Akselvoll.

Informasjonssjef Hege Akselvoll i Aker Yards.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen, NRK