Det er Olympic Shipping i Fosnavåg som har bestilt skipet og kontraktverdien er på 270 millioner kroner.
Skipet skal bygges ved Søviknes Verft og er eit ankerhandteringsskip av UT 712 L-typen.
Skipet skal leverast i juli neste år.
-Lettare med lokale verft
Stig Remøy
Eigar av Olympic Shipping, Stig Remøy, seier han er glad eit lokalt verft skal bygge båten.
Ifølgje Remøy er det lettare å utvikle båtane når dei samarbeider med lokale verft.
- Heile tida prøver vi å forbetre oss og det er jo eigentleg lettare med lokale verft og lokale utviklarar enn dersom det skal vere nokon frå andre plassar, seier Remøy.
Remøy meiner det ikkje er nokon annan stad i verda med meir kunnskap om denne type båtar enn på Sunnmøre.
Det blir ein båt med eit svært lokalt tilsnitt for det er nemleg Rolls Royce som har stått for designet.
Marknads-og salsdirektør i Aker Brattvåg, Magne Håberg, er og glad lokale reiarlag ser nytten av å velje lokalt
Mykje å gjere
Søviknes verft
Samarbeidet mellom lokale selskap gir arbeid. Samtidig som Søviknes verft skal byggje ankerhandteringsskipet, skal dei byggje ei gassferje for fjord1, så det blir mykje å gjere, seier Magne Håberg.
- Eg vil tippe at vi vil ha 250-300 tilsett i direkte arbeid med desse oppdraga, seier Håberg.