NRK Meny
Normal

Ny koalisjon i fylkestinget

Under ein pressekonferanse tysdag formiddag presenterer Jon Aasen den nye koalisjonen som skal styre fylkestinget dei neste fire åra.

Fylkesutvalget Møre og Romsdal

Frå tysdagens pressekonferanse der partia var samla.

Foto: Gunhild Sætre

Koalisjonen består, i tillegg til Arbeidarpartiet, av Venstre, Senterpartiet, SV, Uavhengig liste for Sunnmøre, Nordmørslista og Miljøpartiet De Grønne.

Til saman får koalisjonen 27 mandat og dermed fleirtal i fylkestinget.

Jon Aasen

Jon Aasen held fram som fylkesordførar i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det betyr at Jon Aasen (Arbeidarpartiet) held fram som fylkesordførar dei neste fire åra.

Fordeling av verv

I forhandlingane natt til tysdag har fordelinga av verv i dei viktige utvala vore sentrale. Dei mindre partia har forhandla på å få leiaren i utval som er vitkige for dei.

  • I fylkesutvalet får Arbeidarpartiet altså fylkesordføraren, medan Venstre får fylkesvaraordføraren ved Gunn Berit Gjerde.
  • Totalt får Ap tre medlemmar i fylkesutvalet, Senterpartiet får eitt medlem, Venstre to, Nordmørslista ein, medan dei øvrige partia i koalisjonen får vararepresentantar.
  • Nykommaren Nordmørslista får leie regional- og næringsutvalet, medan Ap får nestleiaren.
  • Senterpartiet får leie samferdselsutvalet, medan Arbeidarpartiet får nestleiaren.
  • I utdanningsutvalet får Arbeidarpartiet halde fram med leiaren, medan Nordmørslista får nestleiaren.
  • Senterpartiet leier kultur- og folkehelseutvalet, medan Miljøpartiet de Grønne og John Bruset får nestleiaren.

Jon Aasen om samarbeid:

Jon Aasen(AP) held fram som fylkesordførar i Møre og Romsdal. I dag kunne han presentere den nye koalisjonen som utgjer fleirtalet i fylkestinget.

Samarbeidsavtale i fem punkt

Koalisjonen har etablert ei plattform der samarbeidet er skildra i fem punkt:

  • Samarbeidspartane vil ikkje endre på strukturen i den vidaregåande skulen, føresett at det er normal søking til skulen.
  • Utvikle kollektivtilbodet.
  • Utvikle grøn teknologi ved å ta vare på energiregionen Møre, saman med teknologimiljøa på Runde og i Tingvoll.
  • Forplikte seg til å samarbeide om budsjettet.
  • Arbeide for fleire offentlege arbeidsplassar i fylket og jamnare fordeling av både statlege- og fylkeskommunale arbeidsplassar.

Nordmørslista om koalisjonen:

Nykommaren Nordmørslista har med sine 4 mandat fått plass i den nye koalisjonen. Topppkandidat Mette Belden er godt fornøgd med resultatet.

Viktig med semje om budsjett

– Samarbeidet om budsjettet er kanskje det viktigaste punktet, sa Jon Aasen under pressekonferansen.

Vi har bak oss ein periode der både media og vi politikarar har vore overraska over at vi ikkje har greidd å legge fram eit felles budsjett. Ein sånn situasjon kan vi ikkje ha.

I følgje Aasen var partia aldri i nærleiken av eit brot i natt. Han meiner Arbeidarpartiet ikkje har gitt frå seg for mykje til samarbeidspartia for å sikre fylkesordførarposisjonen.

– Eg kjenner eg kan rette ryggen og vere meir rak i forhold til det vi har gitt. Ikkje minst er vi fornøgde med å ha eit fleirtal av 27 representantar i ryggen. Eg meiner det gir ein stor tryggleik.