Måleria til den lamme kvinna er i verdsklasse, og kunstnarstipendet ei internasjonal anerkjenning av det arbeidet ho har gjort i mange år.
– Dette er ein enorm inspirasjon for meg, seier ho til NRK.
Det er den internasjonale organisasjonen for munn og fotmålarar som har tildelt henne kunstnarstipendet. Rundt 800 kunstnarar frå 74 land over heile verda er med i forbundet. Å få dette stipendet er eit ekstremt trongt nålauge.
– Dette betyr at eg kan utvikle meg vidare som kunstnar. Eg fekk nærast bakoversveis då eg fekk nyheita, fortel Wenche Løseth.
Dette er noko av kunsten Wenche Løseth har produsert. Den heng på veggene heime i stova i Ulsteinvik. På ei utstilling ho hadde selde ho ein heil del måleri.
Foto: Arne Flatin / NRKHo hentar inspirasjon frå naturen og har alltid med eit kamera som hjelparane brukar når ho ser eit godt motiv.
NRK presenterte Wenche Løseth sine målarkunstnar allereie i 2014
Kan kjøpe utstyr
Stipendet gjer at ho no kan bruke pengar på dyrt utstyr, som er spesielt tilpassa. I tillegg kan ho hente hjelp frå mentorar og andre kunstnarar.
No vil ho på nytt bruke tid på målinga. Etter ein tøff periode med ekstra sjukdomskomplikasjonar var dette noko som gav henne motivasjon.
– Kvar dag er eit kompromiss mellom meg og dagsforma mi, seier ho.
Det varierer veldig kor lenge ho sit i gongen, men det aller viktigaste for ein som har mista "alt" er meistringskjensla dette gir.
– Dette er mitt og berre mitt, seier ho. Eg får uttrykt meg gjennom målinga, og eg måler veldig detaljert. Eg saknar detaljane i livet mitt, det er eit forferdeleg sakn. Difor er dette så viktig for meg, seier Wenche Løseth.
Stipendet er ein enorm motivasjon for Wenche Løseth til å drive vidare med målinga, seier ho til NRK.
Foto: Arne Flatin / NRKHo er alltid på jakt etter motiv. Ho saknar naturen, og var sjølv svært aktiv med turar til fjells før hjerneslaget. For å gjere det beste ut av kvardagane må ho trene mykje kvar dag. Ho er ei tøff dame som har hatt mykje motgang, difor er målinga så enormt viktig for sjølvkjensla hennar.
Mentor for Wenche
Den nederlanske kunstnaren, Monica Vermeer, har vore mentor for Wenche Løseth i mange år, og arbeidde også som assistent for henne tidlegare.
Monica Vermeer er ein nederlandsk kunstnar som bur i Ulsteinvik, og som inspirerte Wenche Løseth til å starte med måling.
Foto: Arne Flatin / NRKEtter som ho driv med måling sjølv foreslo ho kunstforma for den lamme kvinna. Det starta med at ho snikra eit staffeli til henne og derifrå har det gått slag i slag. Vermeer er imponert over det "eleven" har fått til på desse åra.
– Det er heilt utruleg det Wenche gjer, seier ho. Ho gler seg over stipendet og håper det skal gi ytterlegare motivasjon og inspirasjon, mange år etter at ho for første gong prøvde seg framfor lerretet.