NRK Meny
Normal

Ny høgspentline kan bli skrinlagt

I dag skal Statnett avgjere om den 25 mil lange høgspentlina mellom Namsos og Surnadal skal byggast. Prosjektet står i fare for å bli skrinlagt, men ordførar i Surnadal har eit håp.

Kamuflerte monstermaster

Statnett er avhengig av vindmøllesatsing før dei byggjer den 250 km lange kraftleidning.

Foto: Statnett

Ei ny kraftleidning er naudsynt dersom ein skal byggje vindparkar i Trøndelag. Men 4. juni varsla Statkraft at dei stansa alle planane om vindkraftutbygging fordi prisen på kraft og elsertifikat ikkje vil gjere prosjekta på Fosen og i Snillfjord lønsame. Dermed kan den planlagde kraftlina frå Trøndelag gjennom Trollheimen og til Surnadal, og i neste omgang vidare til Sunndal, bli skrinlagt.

– Dersom det blir skrinlagt kjem det ikkje til å skje noko meir. Då blir det slik som no, seier ordførar i Surndal, Lilly Gunn Nyheim (Ap).

Ho har jobba med saka sidan før ho vart ordførar, og har eit håp om at kraftlina vert ein realitet.

Får eigedomsskatt

Lilly Gunn Nyheim

Ordførar i Surnadal, Lilly Gunn Nyheim, ynskjer bygging av nye kraftliner gjennom kommunen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Den planlagde kraftlina skal erstatte den gamle og utdaterte og sørge for betre straumtilgang i Møre og Romsdal. For Surnadal betyr ei slik kraftline og ein trafostasjon auka aktivitet i kommunen og inntekter i form av eigedomsskatt.

Nyheim har ikkje gitt opp håpet, sjølv om Statkraft ikkje går vidare med den storstilte vindkraftsatsinga. Både utanlandske investorar og lokale eigarar i vindkraftprosjektet på Fosen har gitt signal om at dei kan gå for ei enklare vindkraftutbygging.

Arbeid til lokalt næringsliv

Den 420 kilovolts kraftlinja til Surnadal kan stå og falle med vindkraftsatsinga.

– Dei nye opplysningane går i retninga av at det kan bli utbygging, og det er positivt for Surnadal, seier Nyheim.

Ho håper at dersom Statnett i dag går vidare med planlegginga av kraftlinja, så vil lokale entreprenørar få oppdrag.