Hopp til innhold

Ny giv for MS-sjuk musikar

For nokre år sidan fekk musikaren Aleksander Goksøyr diagnosen MS. I tillegg braut han ryggen i ei ulykke. Studenten Emily Louisa Millan Eide (24) har laga film om den 33 år gamle vokalisten i bandet Skapsmak, som har fått nytt pågangsmot til å satse på musikken.

Aleksander Goksøyr og Emily Eide

Aleksander Goksøyr møter Emily Louisa Millan Eide i øvingslokalet for første gong på eit halvt år.

Foto: Arne Flatin / NRK

Dokumentaren på 11 minutt har fått namnet «Reprise» og Emily Louisa Millan Eide frå Ulsteinvik tek utgangspunkt i livet til Aleksander Goksøyr frå Runde i Herøy. Eit liv som har hatt mange motbakkar. Filmen vart på mange måtar ein «kickstart» seier Aleksander til NRK.

Aleksander Goksøyr

Aleksander Goksøyr er fornøgd med at han no skal satse på musikken for fullt igjen.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Regissør Emily Louisa Millan Eide greidde nemleg å booke oss inn på Påskerock 2017. Då fekk vi eit publikum og då fekk vi eit svar som fortalde oss at vi må berre «gønne på», seier den humørfylte herøyværingen til NRK.

Eide studerer dokumentarregi ved den norske TV-skulen på Lillehammer. Det er Fakultetet for audiovisuelle medier og kreativ teknologi ved Høgskolen i innlandet som står bak filmen, som ho er regissør for.

Eide seier filmen dei laga viser Goksøyr sin veg tilbake til musikken.

– Etter filmen har Aleksander tatt musikken på alvor igjen. Han hadde hatt eit langt opphald frå musikken på grunn av diagnosen MS, men også eit alvorleg ryggbrot, som det var eit under at han overlevde. I filmen er Aleksander open om sjukdomen, som han har fått behandling for, og fortel om dette på ein måte som berre han kan.

Emily Eide

Emily Louisa Millan Eide har laga film om Aleksander Goksøyr.

Foto: Arne Flatin / NRK

Møtest i øvingslokala

Denne veka møtest Aleksander og Emily for første gong på eit halvår i øvingslokala til Skapsmak i Ørsta. Aleksander har tatt på seg ei fotballtrøye frå Moltustranda, eit lag han spelte for i 2016. Fotball er nemleg ein annan stor lidenskap for 33-åringen. Aleksander kommenterer også jakka til Emily.

– Vi matchar kvarandre på fargane, seier han med ein liten latter. Jakka ser nesten ut som ei Wolves-drakt frå 70-talet, seier han med ei ny tilvising til engelsk fotball, der Newcastle er favorittlaget hans.

Eide er imponert over måten Aleksander har takla motgangen han har hatt med sjukdom, men meiner 33-åringen har spesielle eigenskapar som gjer at han greier dette.

– Aleksander er ein veldig interessant karakter. Han er litt sånn eksentrisk og ein original. Det som er ekstra spennande med han er at han har det glimtet i auget uansett kor mykje motgang han har opplevd i livet med sjukdom og ulykker. Eg hadde veldig lyst til å dokumentere det gjennom denne filmen.

  • Sjå filmen her:

Aleksander Goksøyr er sosionom og har mellom anna jobba med autistar og psykisk utviklingshemma i Oslo og i nærmiljøet på Sunnmøre. Han har vore ungdomsarbeidar i Ulsteinvik og gjort mykje opp gjennom åra. Ungkaren er likevel klar over at musikken betyr mykje for han.

– Eg vil sjå kor langt vi kan nå med Skapsmak. Min ambisjon er på sikt å kunne leve av musikken, og det er eit ganske hårete mål. Når du har nådd min alder så er det jo kanskje vanskelegare, det er ikkje nokon Marcus & Martinus-effekt her liksom.

Aleksander Goksøyr med MS-diagnose og brot i ryggen på to stader i ei ulykke vart inspirert av film som Emily Eide laga om han og bandet Skapsmak. No satsar han for fullt på musikken.

Aleksander Goksøyr syng her den sjølvlaga låten, Tapet og papp.

Etter MS-diagnosen, som han har fått medisinering og behandling for, og ei ulykke der han fekk brot i ryggen på to plassar har han også fått eit nytt syn på musikken.

– Det pregar meg på den måten at det berre er å «gønne på». Eg er ikkje noko redd lenger. Det finst ikkje redsel for å mislukkast. Eg gir ein f ... om ein kan seie det sånn.