Hopp til innhold

- Verdssensasjon driv ferja

Dei kallar framdriftssystemet ein verdsensasjon. Propellen er elektrisk og er utan aksling.

Video AKSELLAUS PROPELL PÅ FERJA

Bilferja Eiksund har fått aksellaus propell som blir driven med elektromotor.

Propellen utan aksling er klar til bruk 6 år etter at oppfinninga blei presentert. Den nye propellen er montert på bilferja Eiksund. Og kapteinen skryt av vidunderet.

Helge Strand

Kaptein Helge Strand er godt nøgd med det nye framdriftssystemet.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

– Det er mykje lettare å manøvrere ferja. Det er vasstraumen gjennom propellen som styrer ferja, og ikkje kombinasjonen av fast propell og ror, forklarar kaptein Helge Strand.

Ferjeselskapet Fjord1 likar god å legge til rette for ny teknologi. Det handlar om å hauste ein miljøgevinst.

Glenn Sandberg

Glenn Sandberg er teknisk sjef i Fjord1 MRF.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

– Fjord1 transporterer store verdiar kvart år. Vi ønskjer å vere med på å utvikle nye ting for å redusere utsleppa våre, for å få betre komfort for dei reisande og for å skape meir pålitelege framdriftssystem, seier teknisk sjef Glenn Sandberg.

Bilferja Eiksund er slett ikkje blant dei nyaste i Fjord1-flåten, og utanpå ser ho omlag ut som før. Men nede i maskinromet er det endringar. Store dieselmotorar er bytta ut med elektromotorar. Desse elektromotorane driv dei aksellause propellane.

Knut Andresen

Knut Andresen er teknisk sjef i Brunvoll.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

– Anlegget reduserer bruken av brennolje både under overfarten og under manøvreringa til å frå kai, forklarer Knut Andresen i Brunvoll A/S.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL