Hopp til innhold

Ny forskrift skal føre til mindre feil

Ei ny forskrift som stiller strengare krav skal gi betre legemiddelhandtering og mindre feil.

Helsepersonell med båre

ILLUSTRASJONSFOTO: Ei ny forskrift som stiller strengare krav skal gi betre legemiddelhandtering og mindre feil.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

– Trass i at det har vore arbeidd med forbetringar i fleire år, skjer det altfor mykje feil i helsevesenet, det fortel Gunn Fredriksen som arbeider i Helsedirektoratet.

Tysdag orienterte ho studentane ved det nye legemiddelstudiet i Kristiansund om den nye forskrifta.

– Det er eit stort problem. Undersøkingar visar at dersom du samanliknar den ulike informasjonen om pasientane sin legemiddelbruk ved innlegging på sjukehuset, så får du avvik ved om lag 80 % av pasientane, seier Fredriksen.

Strengare krav

I den nye legemiddelforskrifta blir det difor stilt strengare krav til informasjon mellom for eksempel fastlege og sjukehus, mellom sjukehus og sjukeheim eller mellom avdelingar på sjukehuset.

Gunn Fredriksen

Gunn Fredriksen meiner det er for mykje feil i helsevesenet.

Foto: Anne-Mari Flatset / nrk

– Eg meiner det styrkar pasienttryggleiken at vi stiller krav til informasjonsoverføringa mellom ulike omsorgsnivå, seier Fredriksen.

Ho trur mangelen på systematiske rutinar for å gå igjennom pasienten sin legemiddelbruk er ein av årsakene til at det blir så mykje feil.

– 5-10% av alle akutte sjukehusinnleggingar på indremedisinsk avdeling skuldast feil legemiddelbruk. Minst 1000 pasientar dør årleg av biverknadar ved uheldig bruk av legemiddel, seier Fredriksen.

Viktig å bli oppdatert

Det er mange erfarne verne- og sjukepleiarar som deltek på studiet i trygg legemiddelhandtering i Kristiansund. Marie Faksvåg er ein av dei som syns det er viktig og bra å bli oppdatert.

Elfrid Måløy underviser ved Høgskolen i Molde

Elfrid Måløy underviser ved Høgskolen i Molde.

Foto: Anne-Mari Flatset / nrk

– Legemiddelhandtering er eit stort felt, og det krev at du held deg fagleg oppdatert. Det er heile tida nye lover og reglar som ein må vite om, det setter dette studiet fokus på, seier ho.

Det er høgskulen i Molde og Utviklingssenteret for sjukeheimar som samarbeider om studiet som starta opp i fjor.

Eldrid Måløy er ein av dei som legg til rette for studiet.

– Det fyrste kullet var sjuke- og vernepleiarar innanfor kommunehelsetenesta, men no har vi opna opp for alle innanfor helsetenesta, seier Måløy.

For mange feil

Fylkeslege Christian Bjelke meiner det skjer altfor mange feil i legemiddelhandteringa i kommunane og på sjukehusa. Han meiner det er viktig å ha gode system og kontroll over legemiddelbruken til pasientane for å unngå desse feila.

– No får vi snart ein spennande og ny journal som heiter kjernejournal. Den kan innehalde informasjon frå fastlege, AMK, legevakt og offentlege register. Der kan både legen og pasienten sjølv legge inn informasjon om blant anna om legemidddelbruk, seier Bjelke.

– Det kan til ei viss grad hjelpe til å unngå desse avvika, held han fram.