Hopp til innhold

I denne elva har laksen krympa

Du vil truleg aldri sjå verdas største laks i elva Eira igjen. Forskarar peikar på menneskeskapte endringar som hovudårsaka.

Vannkraft, Aursjødemningen, Aura elv

Auravassdraget, som lakseelva Eira er ein del av, hadde uvanleg stor vassføring sommaren 2022. NINA har konkludert med at låg vassføring over fleire tiår har ført til at laksen har krympa.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

CO₂ i atmosfæren
418,8 ppm
1,5-gradersmålet
+1,09 °C
Les mer  om klima

For eit knapt hundreår sidan var elva Eira kjend for stammen sin av storvaksen laks.

Ein gjennomsnittleg fiska laks i Eira var den gongen 12 kilo og blant dei største i verda, men i dag er vekta gjennomsnittleg fire kilo.

Storleiken har vorte redusert til ein tredel i løpet av nokre tiår.

Ingerid Julie Hagen ein av dei ved NINA som har forska på kvifor det har skjedd, og no er den nye rapporten ute.

Den viser at redusert vassføring i elva er årsaka. Laksen har i løpet av få generasjonar tilpassa seg den låge vassføringa og krympa.

Wanda Thoresen med storlaksen før regularingene.

Wanda Thoresen med storlaks frå Eira før reguleringane av vassdraget.

Foto: Engelskhuset
Ellen K. Fagerslett med Eiralaks etter reguleringene.

Ellen K. Fagerslett med Eiralaks etter reguleringane av vassdraget, i 2009. Laksen hennes veg 7,5 kilo, som er godt over dagens gjennomsnitt.

Foto: Dag Ringstad
Sånn såg laksen ut da Kenneth B. Eilertsen og Torgeir Fagerslett fikk den på kroken i 2020.

Kenneth B. Eilertsen og Torgeir Fagerslett med Eiralaks i 2020.

Foto: Dag Ringstad

– Menneskeskapte endringar

Vassføringa i romsdalselva har nemleg vorte gradvis redusert ved tre ulike kraftutbyggingar.

I rapporten har dei samanlikna vassføring og laksestorleik i same periode. Der kjem det tydeleg fram at storleiken på laksen har minka i takt med vassmengda.

Dette er eit eksempel på rask evolusjon i ein naturleg bestand, der endringar er drivne fram av menneskeskapte endringar.

Forsker ved NINA, Ingerid Julie Hagen Arnesen

Forskar Ingerid Julie Hagen ved NINA.

Foto: Arnstein Staverlokk

Det seier forskar Ingerid Julie Hagen, og legg til:

Og menneskeskapte endringar skjer jo no over nesten alle økosystem i heile verda, men det er likevel vanskeleg å observere det. I denne publikasjonen har vi dokumentert det veldig tydeleg.

Ifølgje forskaren kunne ein finne genmaterialet for å bli smålaks i Eira-bestanden allereie før kraftutbyggingane, men i lågare frekvens.

Det som no har skjedd, er at genet for å bli smålaks har auka. På den måten blir ein større del av bestanden til smålaks, forklarer Hagen.

Trur ikkje dei får tilbake verdas største laks

Kirsti Fagerslett er leiar i Eira elveeigarlag. Ho seier det er godt å få underbygt samanhengen at det er mangel på vatn som gjer at genane til laksen endrar seg.

Ho trur ikkje dei får storlaksen tilbake igjen, med mindre det blir meir vatn.

Kirsti Fagerslett, leiar i Eira elveeigarlag.

– Med litt meir vatn kan vi auke bestanden gjennom større gyte og oppvekstareal, seier Kirsti Fagerslett, leiar i Eira elveeigarlag.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Vassmengda som var tidlegare skal det godt gjerast å få tilbake, men vi kan i alle fall få opp litt. Og forskarane meiner at genane enno ligg der, så storleiken kan kome tilbake. Men den største laksen i verda er eg redd vi ikkje klarer å skryte på oss igjen.

Fagerslett meiner det er viktig at ein held hovudet kaldt, og ikkje berre tenkjer på klima og global oppvarming av kloden.

– Vi må tenkje heile naturmangfaldet. Vi skal forvalte laksen og fleire raudlista artar. Då må vi klare å tenkje på både klima og miljø.

Eira en høstdag.

Elva Eira i førre veke.

Foto: Dag Ringstad / NRK

– Myndigheitene bestemmer

Det er Statkraft som står bak kraftutbyggingane i Eira.

Seniorspesialist ved miljø i Statkraft, Eirik Bjørkhaug, seier dei er klar over at regulering av vassdraga påverkar miljøet, og at forholda til laks har blitt dårlegare.

Eirik Bjørkhaug ved Statkraft

– Vi jobbar mykje med å minske negative miljøpåverknadar i vassdrag kor vi er regulantar, seier Eirik Bjørkhaug, seniorspesialist ved miljø i Statkraft.

Foto: Privat

Vi tek omsyn til myndigheitsprosessar. No er konsesjonen revidert, så då er det om lag 30 år til neste gang dette spørsmålet blir tatt opp. Det er myndigheitene som bestemmer om vi skal sleppe minstevassføring i Aura, seier Bjørkhaug.

Statkraft følgjer konsesjonen dei har fått. Dei slepp ikkje inn meir vann enn dei skal, og dei aukar heller ikkje vassføringa, forklarar Bjørkhaug.

No jobbar dei med ein plan for laks i heile Aura-vassdraget.

Da får vi sett om det er andre tiltak vi kan gjere enn auka vasslipp. For eksempel om ein endrar elveløpet eller jobbar med å gjenopne nokre sideløp. Kanskje kan ein gjere forholda for fisk betre sånn, i staden for minstevassføring.

Laksefiske i Eira en høstdag.

Bildet av laksefiske i Eira er tatt i august 2017.

Foto: Kirsti Fagerslett

Les også Slik truer vannkraft laksen