Hopp til innhold

Kan få menneskerettsskule i Eresfjord

Initiativtakarar håper at Stortinget seier ja til ny freds- og menneskerettsskule i Eresfjord.

I Nesset kan det bli folkehøgskule for 50 elevar. Initiativtakarane sende søknaden i dag, og ber no stortinget seie ja til skulen.

Nesset prestegard vil bli ein sentral del av folkehøgskulen, men sjølve skulebygget skal ligge i Eresfjord.

Folkehøgskule Eresfjord

Toril Melheim Strand og Turid Leirvoll Øverås håper at dei får ja frå Kunnskapsdepartementet.

Foto: Sissel Brunstad / NRK
Bjørnson prestegard i Nesset kommune

Nesset prestegard kan bli svært viktig for den nye folkehøgskulen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

I Nesset kan det bli folkehøgskule for 50 elevar om to år. Initiativtakarane sende søknaden måndag, og ber no Stortinget seie ja til skulen.

Nesset kommune skriv på sine nettsider at folkehøgskulen skal ha fokus på freds- og menneskerettsarbeid i lys av Bjørnstjerne Bjørnson sin innsats for ytringsfridom, undertrykte og forfølgde.

Bjørnstjerne Bjørnson – ein pillar for skulen

Den norske diktaren Bjørnstjerne Bjørnson vaks opp på Nesset prestegard, og der la han grunnlaget for menneskesynet han er kjend for. Bjørnson sine verdiar vert pillarane for folkehøgskulen som kommunen søkjer om.

– Her på prestegarden kan elevane diskutere ytringsfridom, demokrati og samfunnsutvikling, seier Turid Leirvoll Øverås, styreleiar i Bjørnsonfestivalen.

Planen er å bruke om lag 30 millionar kroner for å gjere om Eira gjestegaard til undervisingslokale og internat.

– Planen er å pusse opp dette huset og i tillegg byggje eit nytt hus ved sidan av. Det hadde vore kjempeflott for kommunen å få ein ny arbeidsplass til ti tilsette, seier prosjektleiar ved Eresfjord folkehøgskule, Toril Melheim Strand.

Har fleire store støttespelarar

Nesset kommune skriv også at ideelle organisasjonar som Norsk Folkehjelp, Amnesty International og Bjørnsonfestivalen støttar dei, og vil bidra til at skulen får høg kvalitet på innhald og formidling til elevane.

Like eins kan dei bidra med eit kontaktnett i utlandet for å styrke menneskerettsfokuset ved studieturar i andre deler av verda.

«Mange beskriv eit år på folkehøgskole som det beste året i livet sitt. Å engasjere seg, gjere ein innsats for andre, eller å søke etter ei meining med tilvære er viktig for mange ungdommar. Andre er usikre på kva som er den rette yrkes- og utdanningsvegen og dei vil gjerne gjere noko som tek verda framover. Andre er skuleleie, leitar etter noko anna, dei treng eit modningsår, ein ny giv», skriv kommunen i søknaden til Kunnskapsdepartementet.

Eira gjestegaard kan bli pussa opp for 30 millionar kroner for å bli den nye folkehøgskulen i Eresfjord.

Planen er å bruke om lag 30 millionar kroner for å gjere om Eira gjestegaard til undervisingslokale og internat.