Ny flyrute

Wizzair startar opp ei ny rute frå Vigra til Katowice sør i Polen. Ruta startar etter planen opp i september og vil gå måndagar og fredagar. Det skriv lufthamnsjef Tor Hånde i ei pressemelding. Mange polske statsborgarar som bur og arbeider på Nordvestlandet kjem frå nettopp den sørlege delen av Polen, viser ei marknadsundersøking.

Tor Hånde på Ålesund lufthavn Vigra
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK