På denne festivalen skal det ikkje vere ein forsterkar eller leidning

Klangfestivalen i Vågøy kyrkje i Fræna garanterer ei heilakustisk oppleving.

Klangfestival

Musikar Knut Anders Vestad og songerinna Hilde Brunsvik gler seg til å arrangere Klangfestivalen i Vågøy kyrkje.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Idéskaparen til festivalen er songaren Hilde Brunsvik. Saman med diktar Edvard Hoem og musikar Knut Anders Vestad gav dei ein forsmak på Klangfestivalen i Vågøykykja i dag.

– Eg drøymde om at nokon skulle lage ein heil festival med berre denne klangen som utgangspunkt. Ingen forsterkarar, mikrofonar eller ei leidning, seier Brunsvik.

Etter at ho delte draumen med andre folk, sa dei at ho sjølv burde starte klangfestivalen og slik vart det.

Skil seg ut

Knut Anders Vestad

Musikar Knut Anders Vestad har tru på den nye festivalen, som han meiner skil seg ut.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Musikar og komponist Knut Anders Vestad frå Aureosen er både døypt og konfirmert i Vågøy kyrkje. Han har også spelt mykje i kyrkja. Han likar ideen om klangfestival, fordi den skil seg ut.

– Folk får høyre den reine klangen frå stemmene og instrumenta, og artistane som Hilde har vald ut er så flotte, skryt Vestad.

Salmar, jazz, rock og punk

Både jazzmusikarar, opera, folkemusikk og punkrock er representert. Også lokale talent frå Fræna skal opptre i august. Blant dei er operasongar Ann Helen Moen, og Kari Johanne Kvernberg Dajani - begge frå Fræna.

Den allsidige songaren Njål Sparbo kjem, Henning Sommero kjem også - i fast tospann med saksofonisten Jon Pål Inderberg. Nok ein saksofonist, Karl Seglem bidreg på kollektivkonserten laurdag, der også songerinna Ine Hoem (datter av Edvard) og pianisten Dag-Filip Roaldsnes frå Valderøya er med.

Søndag held domkantor i Oslo domkyrkje, Kåre Nordstoga, konsert, før alle artistane i ein bravurkonsert skal framføre perler, svisker og glansnumre.

Salmekveld

Diktaren Edvard Hoem skal ha salmekveld i kyrkja, der folk skal få lære melodiane til nye salmar og Ann Helen Moen skal vere forsongar. 11 av Edvard Hoem sine salmar er med i den nye salmeboka.

Også Hoem har eit nært forhold til Vågøy kyrkje. Faren hans var klokkar og Hoem var ofte med faren på jobb som liten

– Her er mange minner knytt til kyrkja, seier Hoem. Festivalen går av stabelen 8.–10. august.

Lager Klangfestival i Vågøy kirke

Arrangører av Klangfestivalen foran Vågøy kyrkje Frå venstre: Gunn Sissel Bakken Håseth, Knut Anders Vestad, Bitten Linge, Hilde Brunsvik og Edvard Hoem.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.