Hopp til innhold

Ny ferjekai i Liabygda tek form

Ferja og biltrafikken går som vanleg medan den nye ferjekaia i Liabygda tek form oppå og rundt gamlekaia. Om eitt år skal alt vere ferdig.

Liabygda ferjekai tek form

Arbeidet med å erstatte den gamle ferjekaia i Liabygda med ei ny som større ferjer kan bruke, kom i gang like etter påske.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Eit titals menn i oransje arbeidskle, brakker, store betongklossar, ein gul kran med føtene godt planta i bergnabben og eit inngjerda område mot sjøen, viser at ferjekaia i Liabygda er omgjort til eit anleggsområde. Slik vil det bli fram til april neste år.

Marianne Nærø

Marianne Nærø har vore prosjektleiar for mange nye ferjekaier i Møre og Romsdal. Ho leier også arbeidet med den nye ferjekaia i Liabygda.

Foto: Statens vegvesen

– Men det skal ikkje gå utover ferjetrafikken. Den skal gå uforstyrra, lovar prosjektansvarleg Marianne Nerø i Statens vegvesen.

Nye-kaia har eit budsjett på 52,5 millionar kroner, og arbeidet kom i gang like over påske. Entreprenøren Christie & Opsahl As fekk kontrakten på å rive dagens ferjekai og bygg ny på same staden.

Den nye kaia blir bygd for at det skal kunne nyttast større og meir moderne ferjer i sambandet i framtida.

Tvillingkai

Kaia blir altså bygd på same plass som den eksisterande. På andre sida av fjorden, i Stranda sentrum, kom ei tilsvarande kai til 69 millionar kroner på plass i fjor.

– Ja, du kan seie dette blir tvillingkaier. Formålet er jo å gjere klart til at større ferjer kan setjast inn i sambandet om det skulle bli aktuelt, seier Nærø.

Bygningsarbeid Liabygda ferjekai

Bygginga av den nye ferjekaia skjer samtidig som ferjetrafikken går som normalt i sambandet Stranda- Liabygda.

Foto: Statens vegvesen

Ho fortel at i første del av anleggsperioden skal nye-kaia ta form oppå og rundt dagens kai. Deretter skal partiet under gamlekaia, byggast. Til slutt skal alt det gamle rivast.

Då Stranda fekk ny kai i sentrum, måtte det mykje grunnarbeid til. Det same gjeld Liabygda-kaia.

Det skal også byggast ei tilleggskai på 75 meter som kjem til å gå som ein molo utover frå kaia. Ut frå omsyn til tryggleiken blir begge kaiene avstengde med portar for å unngå unødig trafikk utanfor sjølve av- og påkøyrselen til ferja.

Stengt i tre veker

– Det er litt komplisert fordi arbeidet skjer samtidig som ferja går. Innløpet mot kaia må gjerast djupare for ferja, og ein god del dykkararbeid må til. I tillegg må nye pelar setjast på fjell, seier Nærø.

Når brua på ferjekai skal skiftast ut, kjem ferjekaia til å bli stengt i ein trevekers periode. Då kjem sambandet til å gå frå Stranda til Linge ferjekai i staden.

Den gamle ferjekaia i Liabygda

Den gamle kaia i Liabygda har gjort si teneste i mange tiår.

Foto: Statens vegvesen

– Men elles kjem trafikken over gamlekaia til å gå som normalt, og anleggsarbeidet kjem heller ikkje til å hindre for turisttrafikken i sommar, slår Marianne Nærø fast.

Når den nye kaia står ferdig, blir forholda for biltrafikken mykje betre, og kaia vil også vere tilpassa ferjetrafikken i framtida, lovar Statens vegvesen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL