Hopp til innhold

Splitter ny sending måndag kl 14.03

Måndag er det klart for NRK Møre og Romsdal si nye ettermiddagssending.

NRK P1 - Møre og Romsdal: Berit Susanne Kjølås og Pål Kristian Lindseth.

Pål Kristian Lindseth og Berit Susanne Kjølås vert programleiarar i den nye ettermiddagssendinga.

Foto: Rune Hagen

Ny ettermiddagssending og bortfall av formiddagssendinga er den aller største endringa i NRK P1 sidan 1994.

Frå måndag sender NRK Møre og Romdal frå klokka 14 til 17. Programleiarar for den nye ettermiddagssendinga er Berit Susanne Kjølås og Pål Kristian Lindseth.

Nytt tidspunkt

– Vi gler oss til måndag. Det blir spanande, for vi har aldri hatt sending i det tidsrommet før, seier Pål Kristian Lindseth.

Mange er på veg til eller frå noko i tida mellom 14 og 17, enten det er jobb, skule eller fritidstilbod.

Oppdatere lyttarane

Distriktsredaktør Hallstein Vemøy

Hallstein Vemøy

Foto: Terje Reite / NRK

–Vi ønskjer å vere relevante og oppdatere lyttarane på det som skjer utover ettermiddagen i fylket, seier distriktsredaktør i NRK Møre og Romsdal, Hallstein Vemøy. Målet er at sendinga skal vere aktuell, allsidig og artig for lyttarane.

Mest populært

Distriktskontora får ei sendetid som er endå betre tilpassa nyhende, trafikk, lokal journalistikk og godt selskap.


– Distriktssendingane er NRK P1s mest populære program, fordi ingen andre radiokanalar kan vere der du er på same måte, seier kanalsjef Jon Branæs.

-Ring eller meld til oss

For dei to programleiarane, Berit Susanne Kjølås og Pål Kristian Lindseth, og resten av redaksjonen, har det dei siste vekene vore hektisk jobbing for å sy saman ei heilt ny sending.

Sendinga skal i tillegg til nyhende og trafikk, også innehalde kultur, nyttige forbrukartips, ver og musikk.

– Vi ynskjer at det skal vere lett for lyttarane å halde kontakt med oss. Anten det gjeld ver, temperaturar eller tema som vi tek opp. Eller rett og slett berre gode tips, seier Lindseth.

Betre kjent

Berit Susanne Kjølås trur også at lyttarane vil bli betre kjent med dei to. Tidlegare har det vore mange fleire som har delt programleiarjobben i ettermiddagssendinga. No vert dei berre to, og den nye sendinga gjer at dei vil bruke meir av seg sjølv.

Morgonsending som før

Morgonsendinga frå distriktskontora får du framleis frå klokka 06 til 09. Frå 12. mars er det Leiv-Erik Bondevik og Roar Halten som skal veksle på å ha morgonsendinga i NRK P1 i Møre og Romsdal.
Bondevik sender frå studio i Ålesund og Halten frå studio i Kristiansund.