Ny direktør i Nynorsk kultursentrum

Kulturvitaren Per Magnus Finnanger Sandsmark tek over etter Ottar Grepstad som direktør ved Nynorsk kultursentrum.

Sandsmark er fødd i 1989 og arbeider i dag som redaktør i det nynorske leksikonet Allkunne. Han har tidlegare arbeidd ved fire forskjellige museum i Noreg.