Hopp til innhold

Sandstø kan slå ut Aalesund og Rekdal – igjen

To cupgull på tre år, men i 2010 stod Aalesund for cupbomba i 3. runde. Då tapte dei nemleg mot Løv-Ham i 3. runde. Trenar for Løv-Ham var Arne Sandstø, og i dag har han plan om å sende AaFK ut av cupen på ny – som trenar for Sandefjord.

Kjetil Rekdal

Kan Kjetil Rekdal ta AaFK til ei ny cupfinale? Første hinder på vegen er Sandefjord og trenar Arne Sandstø.

Foto: Lauten, Daniel Sannum / NTB scanpix

– Vi hadde ein uforgløymeleg kveld for dei fleste som har vore i Løv-Ham nokon sinne. Så det var utruleg artig, seier Arne Sandstø.

For to år sidan var han trenar for Bergenslaget Løv-Ham. Då møtte Sandstø AaFK i 3. runde i cupen, og gjekk sigrande ut 2–1.

I dag er trenar for Sandefjord. Han er på ny underdog i cupen, og motstandar er Aalesund.

– Eg trur utgangspunktet det er litt annleis denne gongen. Kjetil Rekdal har fått sett enda meir preg på Aalesund, og eg trur motstanden no er vesentleg betre enn det laget vi møtte med Løv-Ham, meiner Sandstø.

– Trur du Rekdal lærte noko av tapet i 2010?

– I hovudsak er det spelarane som må lære. Slepp ein seg litt nedpå, så er ikkje nivåforskjellen så stor. Det er utruleg vanskeleg å trykke på ein knapp og heve seg når ein først er ute og køyrer.

Video -Vi spiller i den nest beste ligaen, med de nest beste dommerne

Sandefjord-trenar Arne Sandstø har slått Aalesund tidlegare i cupen. Han stod for cupbomba i 3. runde i 2010.

Foto: Nyhetsspiller

Hugsar 2010 – men har det ikkje i tankane

I Aalesund har oppladinga vore god. Etter 0–0 mot Vålerenga på måndag, har oransjetrøyene tatt livet med ro på Austlandet. Rekdal hugsar godt 3. runde-tapet i 2010.

– Men eg trur ikkje det har noko betydning. Arne Sandstø er ein god trenar, men det er spelarane som skal avgjere dette på banen.

– Vi vel å tenkje på at vi skal vidare. Vi skal ikkje tape igjen, men vi veit at det blir tøft. Sandefjord slo ut Vålerenga, og Adeccoligalag på bortebane er aldri enkelt, seier Rekdal.

For i førre runde stod Sandefjord for éi av cupbombene, då Vålerenga blei slått 3–1 etter ekstraomgangar.

– Vi har vist at vi kan bite frå oss mot Tippeligalag, men AaFK er hakket betre enn Vålerenga, og vi må heve oss for å kunne straffe dei òg, seier Sandstø.

(Saka held fram under bildet)

Cupfinale pokal

Aalesund har ein enormt god statistikk i cupen dei tre siste åra. Rekdal jaktar sin tredje triumf på tre år.

Foto: NRK

– Ein veldig viktig kamp for klubben

Litt tilfeldig møttest akkurat Vålerenga og Aalesund tidlegare i veka. Det enda 0-0, men laget frå Ålesund var hakket kvassare. Då var det scoringar som mangla, og Kjetil Rekdal seier ei tidleg scoring kan bli både alfa og omega.

Kjetil Rekdal

AaFK-trenar Kjetil Rekdal meiner laget slår Sandefjord på ein vanleg dag.

Foto: Arild Pettersen / NRK

– Hadde vi scora 1–0 mot Vålerenga, så hadde kampen opna sag og vi hadde fått fleire og større sjansar. I staden blei det ein duellkamp, der vi ikkje fekk opna. Det er for dårleg, meiner AaFK-trenaren.

– Skal vi slå Sandefjord, så trur eg ei tidleg leiing kan bli viktig. Vi veit at dei vil slåst med nebb og klør gjennom 90 minutt.

Men Rekdal vil vidare. Etter to cuptriumfar på tre år er ikkje 4. runde godt nok.

– Dette er ein viktig kamp, ein veldig viktig kamp. Både for klubben, for spelarar, for meg og for supporterane. Vi veit kva vi har gjort i cupen dei siste åra, og no er vi ekstremt motiverte på å ta Sandefjord. Vi skal til kvartfinale igjen, seier Rekdal.

Sandefjord med låge skuldrer

Arne Sandstø og Sandefjord vil derimot gjere alt for å hindre ny cupjubel i Ålesund.

– Vi er underdogs, så dette er og blir ein bonuskamp for oss. Dette skaper ekstra glød og stemning, både i byen og spelartroppen.

Han meiner Aalesund har alt å tape.

– Vi kan sleppe ned skuldrene mot regjerande cupmeister. AaFK kjem nok med gode intensjonar, men det spørst om spelarane klarer å vere på nivået dei bør.

– Sandefjord kjem til å ha låge skuldrer og tørre litt ekstra. Det er det som skal til om vi skal gå til kvartfinale, seier Sandstø.

Før han skyt inn:

– Og så må vi score på sjansane våre.

Rekdal avsluttar med følgjande ord.

– Vi har ingen plan om å stå for cupbomba, men eg kan ikkje garantere noko. Eg håper berre vi kan spele opp mot vårt beste, for då skal vi vere gode nok til å slå Sandefjord.

Aalesund - Sandefjord

Aalesund og Sandefjord har møttest fleire gonger tidlegare. Her frå seriekamp i 2010, då begge lag var i Tippeligaen. Kampen enda 2-2.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix