Hopp til innhold

Ny besøksrekord for Sommerfesten

Sommerfesten på Giske sette ny besøksrekord laurdag. Arrangørane seier at kanskje så mange som 25 000 personar var innom i løpet av dagen.

God stemining blant publikum

Så mange som 25 000 menneske skal ha tatt turen til Giske og Sommarfesten på laurdag

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Sommerfesten på Giske har berre blitt større og større sidan starten, og arrangøren seier at det i løpet av laurdag var 25 000 personar som var innom festivalområdet, på øya der det til dagleg bur vel 600 innbyggjarar.

Det heile starta med bandet The Margarets, som for sju år sidan inviterte til fest i fjøra på Giske. Deretter har Sommerfesten tatt av. Utan inngangspengar og basert på frivillege bidrag, tok meir enn 17 000 menneske turen til Giske på laurdag.

Les:

- Kjem ikkje til å angre

Kontinuerlege konsertar frå fem ulike scener og program for både store og små heile dagen. Bortimot 600 frivillege har bidratt, fortel ansvarleg for dei frivillige, Ina Blindheimsvik.

Ina Blindheimsvik, ansvarleg for dei frivillige under Sommarfesten på Giske.

Ansvarleg for dei frivillege, Ina Blindheimsvik seier at så mange som 600 frivillege har bidratt på Sommerfesten

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

- Ja, vi har i alle fall kome i mål med det. Vi har hatt litt utfordringar undervegs, men det har gått bra til slutt. Det er veldig kjekt å vere frivilleg og det er mange glade fjes her. Eg trur ikkje nokon som har jobba på Sommerfesten i år kjem til å angre på det, sa Blindheimsvik i helga.

- Det er ei lita øy dette, korleis har de klart å skaffe så mange frivillege?

- Her er nesten like mange som er i sving som frivilleg på Sommerfesten som det som bur her ute. Så det er sjølvsagt ikkje berre øya Giske som har stilt med frivillege. Vi har frivillege frå stort omegn, og også utanlandske frivillege. Lista er lang, for å seie det slik.

- Beste Sommerfesten nokon gong

Til saman 60 nasjonale og internasjonale artistar deltok gratis på festivalen.

Festivalsjef Ante Giskeødegård er godt fornøyd med arrangementet

- Sommarfesten har vore heilt fantastisk. Vi har hatt den beste Sommerfesten nokon gong, og vi er glade for at alt gjekk slik som det gjekk.

Det er for tidleg å seie noko om korleis det gjekk økonomisk, men festivalsjef Ante Giskeødegård seier at festivalen no har vakse så stor som den kan bli.

- Det har eksplodert kvart einaste år, og for vår del handlar det om å henge med i svingane. Det er litt begrensa kor mykje meir folk vi har plass til. No dobla vi festivalarealet i forhold til i fjor, men no er det ikkje så mykje meir å ta av. Dersom det kan stabilisere seg rundt 25 000 er det heilt fantastisk.