Hopp til innhold

Ny barneavdeling i Ålesund

Styreleiaren i Helse Midt-Noreg meiner at dette forslaget til statsbudsjett gir grunnlag for å byggje ny barneavdeling ved sjukehuset i Ålesund.

Kolbjørn Almlid

Kolbjørn Almlid

Foto: Ørn E. Borgen / Scanpix

Styreleiar Kolbjørn Almlid seier at det er eit godt budsjett regjeringa har lagt fram.

- No har vi større mulegheiter til å få balanse i rekneskapen og å betre investeringsøkonomien vår. Men arbeidet med effektivisering må halde fram, seier Almlid, som no ser lyst på dei to store prosjekta i åra som kjem: det nye sjukehuset i Molde og barneavdelinga i Ålesund.

- Arbeidet med å planleggje sjukehuset i Molde held fram utan at eg no kan seie noko om når bygginga kan starte. Når det gjeld barneavdelinga, meiner eg at vi skal byggje no, eg trur vi skal greie det. Avdelinga vil komme i 2008-budsjettet til Helse Sunnmøre, og eg kan love at styret i helse Midt-Noreg vil sjå positivt på det, så dette ser veldig bra ut, seier styreleiar Kolbjørn Almlid.

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL