Ny avis får namnet Nyss

Den nye avisa for Stranda og Sykkylven har fått namnet Nyss. Nettstaden blir nyss.no. Den nye avisa er resultatet av ei samanslåing av Sunnmøringen og Sykkylvsbladet. Namnet er ei forkorting av "Nyheiter frå Stranda og Sykkylve" samstundes som det speglar kva mediehuset skal vere opptatt av, seier styreleiar Lidvar Flydal.