Hopp til innhold

Ny Ap-leiar vil ha klart svar

Bjørn Inge Ruset frå Valldal er ny leiar i Møre og Romsdal Arbeidarparti. No skal han skape ro i rekkene.

Bjørn Inge Ruset

Nyvald leiar i Møre og Romsdal Arbeidarparti, Bjørn Inge Ruset, vil ha ei snarleg avklaring i sjukehussaka.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ruset tar over etter Trond Seth frå Haram kommune. Ruset har vore styremedlem i fylkespartiet.

Ruset har vore ordførar i Norddal kommune sidan 2007.

Stor utfordring

No tek han over roret i eit fylkesparti som er splitta i den betente sjukehussaka på Nordmøre og i Romsdal. Han får ei stor utfordring i å skape ro, medgir han.

Ruset vil straks ta tak i saka og prøve å finne ei løysing som alle kan jobbe vidare med i lag.

Treng snarleg svar

Ruset seier at han vil ta kontakt med lokallaga for å høyre kva for løysingar dei ser for seg. Han vil også gå på partiet sentralt.

- Vi må ha ei avklaring for korleis vi skal gå fram vidare. Dette må vi ha svar på i løpet av nokre månader.

- Må få en rask avklaring

Ruset meiner det ikkje er bra for nokon av sidene å leve i konstant uvisse om kva som ventar i ei så viktig sak.