NRK Meny

Ny aktivitet på oljefelta

Olje- og energidepartementet har i dag lyst ut 102 blokker som oljeselskapa kan søke på å drive oljeutvinning i, i Barentshavet og i Norskehavet. 93 av blokkene ligg i Barentshavet.

Dette er ein del av den 24. konsesjonsrunden, som tok til hausten 2016. Heilt i byrjinga låg også Møreblokkene og Lofoten/Vesterålen inne blant blokkene som kunne nominerast. Men i september blei Møreblokkene og Lofoten/Vesterålen tekne ut av områda som var aktuelle for nominasjon.

No har oljeselskapa frist til 30. november med å melde seg på konkurransen om dei ledige blokkene. Tildelinga av blokkene skal etter planen skje i første halvår i 2018.

Fleire av blokkene ligg i havområda nordvest for Møre og Romsdal

24. konsesjonsrunde