Hopp til innhold

NVE: – Kommunane må førebu seg på klimaendringa

Manglande vedlikehald gjer at mange kommunar må gjere ein innsats for å styrke beredskapen av viktig infrastruktur som vegar, bruer og røyr.

Storm

Storm på Alnes i Giske.

Foto: Kleiven, Robert / Scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Klimameldinga varslar eit villare og våtare klima i fylket vårt fram mot 2100.

– Kommunane må gripe fatt i dette på ein systematisk og god måte og finne ut kvar flaskehalsane er og gjere noko med dei, meiner regiondirektør Brigt Samdal i NVE.

– Det hastar, og det er heilt avgjerande at politikarane set seg inn i dette. Og ikkje minst dei som arbeider i administrasjonane må og ha dette i tankane når dei arbeider med arealforvalting og liknande.

For kommunane blir truleg eit slikt arbeid ikkje berre ei politisk og administrativ utfordring, men og ei økonomisk.

Meir til vedlikehald

– Det må vere store nok vedlikehaldsbudsjett, både for å legge til rette slik at vassdraga kan ta unna meir vatn i framtida, og også for eventuelt å kunne rydde opp.

Regiondirektør Brigt Samdal i Nve

Regiondirektør Brigt Samdal trur det kan koste meir dersom vedlikehaldsarbeidet blir utsett.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Men Samdal er klar over at vedlikehald er gjerne det kommunane sparer på når det er mangel på pengar.

– Dessverre, men vedlikehald er nødvendig for å starte førebuingane til det veret vi kan vente oss. Då må dimensjonen på røyr aukast, kulvertar må vere større, ei bru må kanskje hevast eller eit elveløp må bli utvida for å kunne ta unna dei framtidige nedbørsmengdene.

Regiondirektøren konkluderer med at gammal infrastruktur ikkje møter krava i framtida.

Må ta tak i probelemet

På fylkesnivå er det fylkesmannen som samordnar beredskapen, men kommunane har ansvaret for sin beredskap.

– Vi må ta dette opp både med den einskilde kommune og også i fylkesberedskapsrådet, slik at vi får ei samla vurdering over situasjonen slik den er i Møre og Romsdal i dag, seier Lodve Solholm.

Fylkesmann Lodve Solholm

–Vi har fått klar beskjed om kva som kan hende, og må handle deretter, seier fylkesmann Lodve Solholm.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Han er likevel varsam med å seie at det er manglar og noko som er forsømt her i fylket, og som gjer beredskapen svakare. Likevel ser også fylkesmannen at pengar til vedlikehald ofte er eit salderingsobjekt.

– Men med så klar beskjed om kva som kan kome til å hende, så må kommunane og også fylkeskommunen, ta tak i, utbetre og klargjere den infrastrukturen som dei har ansvar for.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL