Hopp til innhold

NVE varslar snøskredfare på Vestlandet

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) varslar om fare for snøskred på Vestlandet og i Nord-Norge de neste dagane.

Snøras i Geiranger

Arkivfoto: I fjor vinter gjekk det ein rekke snøskred på Geirangerfjellet.

Foto: Statens vegvesen

Tysdag kveld går NVE ut og åtvarar mot aukande fare for snøskred.

– På Vestlandet har det kome mykje snø, og med mildvêret onsdag er det venta forbigåande skredsyklus. Fleire lågtrykk er på veg, og det ser ut til at det blir ein krevjande start på snøskredsesongen på Vestlandet, opplyser NVE i sesongens første snøskredvarsel.

Faren er størst på Sunnmøre der snøskredfaren har blitt sett til nivå 3 (betydeleg) på varsom.no.

Aukande snøskredfare

Austlandet og Nord-Vestlandet har hatt lite snø og låg skredfare. Men det ventast ei lita auke på Nord-Vestlandet tysdag på grunn av nysnø og vind.

I nord har det vore vinter i høyfjellet ei god stund, men med ujamn snøfordeling. Eit vedvarande svakt lag gir mykje drønn, men foreløpig ingen skred. Vêret frå sørvest vil gi betydeleg skredfare dei neste dagane i fleire regionar i nord.

Onsdag er det ifølgje yr.no meldt om søraust liten kuling utsette stader i Møre og Romsdal. Etter kvart regn, sludd eller snø i indre og høgare strøk, seinare over ca. 1200 m.

Onsdag ettermiddag vil vinden auke til sørvest liten storm på kysten, onsdag kveld sterk kuling. Etter kvart regnbyer, sluddbyer eller snøbyer i høgare strøk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL