Hopp til innhold

Framleis raudt farenivå ved Mannen: Fleire steinsprang måndag

Bevegelsane i fjellpartiet Veslemannen er om lag det same som da farenivået vart heva på søndag. Nå er det meldt kaldt. – Kjem det snø, så det er ikkje sikkert at vi kjem til å halde raudt farenivå veldig lenge, seier seksjonsleiar i NVE.

Mannen ny

Direktekamera frå Mannen i Rauma.

Søndag kveld vart dei 11 innbyggjarane ved Veslemannen evakuerte igjen då farenivået vart sett til raudt.

Det har aldri tidlegare skjedd at farenivået er raudt så tidleg på året.

Den tidlegaste evakueringa tidlegare år har vore i august.

– Fjellet er i ferd med å destabilisere seg og skal ned. Då blir det større og større rørsler og det skjer tidlegare og tidlegare for kvart år, seier Seksjonsleiar ved NVE, Lars Harald Blikra, litt før klokka fire måndag.

Lars Harald Blikra

Seksjonsleiar ved NVE, Lars Harald Blikra.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Vurderer fortløpande

Farta i fjellpartiet Veslemannen har variert noko det siste døgnet. Måndag kveld er den om lag 6 cm i døgnet i øvre del og 0,8 cm i frontpartiet. Dette er om lag det same som når farenivået vart heva på søndag.

Det har gått fleire steinsprang måndag, men det har kome mindre nedbør enn det var meldt. Blikra er spent på om ein får noko meir reaksjon frå fjellet.

– Vi vurderer fortløpende og må ta det dag for dag. Men no er det meldt kaldare i kveld. Kjem det snø, så det er ikkje sikkert at vi kjem til å halde raudt farenivå veldig lenge, seier Blikra.

Det er snø over 600 meter i fjellet. Det er meldt minusgrader og meir snø tysdag, melder yr.no.

Mykje regn

Rørslene i fjellet har vore store dei siste dagane, trass i at det er så tidleg i sesongen.

Det er store nedbørsmengder som gjer fjellet ustabilt. Måndag morgon hadde bevegelsane roa seg noko sidan søndag kveld.

– Men det er meldt meir regn utover, og vi ønskjer ikkje å ta nokon sjansar, sa vakthavande geolog i NVE Gudrun Dreiås Majala måndag morgon.

Fjellet Mannen

Det rasutsette fjellpartiet Veslemannen i Rauma. Rørslene var måndag på mellom 2 og 6 cm i døgnet i øvre del av fjellpartiet og 0,5 til 01 cm i nedre del.

Foto: NVE

Steinsprang i natt

Sivilforsvaret sin lyttepost registrerte fleire steinsprang natt til måndag.

Mannen, Ronny Rishaug m. fl.

Sivilforsvaret er på plass ved Veslemannen. Ronny Rishaug til høgre. Dei vakthavande måndag morgon er frå Romsdal, men dei kan bli forsterka med ressursar frå Nordmøre og Sunnmøre etter kvart.

Foto: Terje Reite / NRK

– Det har vore fem små steinsprang i løpet av natta. Det var aktivitet mellom 23.45 og klokka 03.00. Etter det har det vore roleg, seier Kaj Roger Gråberg i Sivilforsvaret.

Dei har post ved fjellpartiet kvar gong farenivået blir oppjustert til raudt. Sivilforsvaret har vore på plass sidan søndag i 23.00-tida.

Gjennom natta har lytteposten eit skift på tre som rullerer på å lytte kvar sin time.

– Vi veit at det skal regne mykje, men effekten av det veit vi ikkje, seier Ronny Rishaug, som kom på vakt måndag morgon.

Klokka 11.15 måndag vart det meldt om eit nytt skred, men då på sørsida av Veslemannen.

Sivilforsvaret

Sivilforsvaret følgjer nøye med på situasjonen ved Veslemannen.

Foto: Terje Reite / NRK

Rekordtidleg evakuering

Denne omgangen med rørsler i fjellet starta 13. juni. Då vart farenivået justert frå grønt til gult.

Tidlegare søndag 30. juni vart nivået heva til oransje, før det seinare på kvelden blei oppjustert til raudt.

Dermed måtte dei 11 innbyggjarane evakuerast for første gong i år.

I fjor blei dei evakuert heile seks gonger. 2018 vart kalla eit ekstremår, då det rasutsette fjellpartiet flytta seg meir enn dei fire siste åra til saman.

Sidan 2014 har bebuarane i faresona under fjellet no vore evakuert totalt 12 gonger.

– Ikkje heilt uventa

Det er Rauma kommune som har ansvaret for evakueringa.

Lars Olav Hustad

Ordførar Lars Olav Hustad.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ordførar Lars Olav Hustad seier at dei føler med dei evakuerte.

– Evakueringa var ikkje heilt uventa, men det har aldri vore så tidleg på året før. Eg føler absolutt med dei som bur der no. Det kan bli ein travel sommar og haust om ikkje skredet kjem snart, seier han.

Klokka 12.30 måndag seier Hustad til NRK at dei evakuerte innbyggjarane taklar situasjonen greitt, sjølv om den usikre situasjonen er trasig for dei.

Dei evakuerte bur no på campinghytter.

Fjellpartiet Veslemannen i Rauma

Slik ser Veslemannen i Rauma ut måndag morgon.

Foto: NRK