Hopp til innhold

– Det beste har vore naturen og folka langs vegen

Onsdag sykla NRK 20 mil frå Kristiansund til Ålesund på den nye, nasjonale sykkelruta.

Onsdag sykla NRK 20 mil frå Kristiansund til Ålesund på den nye, nasjonale sykkelruta.

Med ein sykkel utstyrt med kamera, kablar, miksepult og monitor la distriktsredaktør Hallstein Vemøy ut på sykkeltur onsdag morgon.Med ein sykkel utstyrt med kamera, kablar, miksepult og monitor la distriktsredaktør Hallstein Vemøy ut på sykkeltur onsdag morgon.

Gjennom heile Noreg skal det organiserast eit nett med nasjonale sykkelruter. Rute nummer ein startar ved Svinesund og endar i Kirkenes. Denne ruta går kystvegen gjennom Møre og Romsdal.

Med ein sykkel utstyrt med kamera, kablar, miksepult og monitor la distriktsredaktør Hallstein Vemøy ut på sykkeltur onsdag morgon.

Mykje engasjement

Klokka 20.00 onsdag kveld kom han i mål etter å ha sykla Atlanterhavsruta, den 20 mil lange vegen som går mellom Kristiansund og Ålesund. Han set pris på at mange har følgt han både langs med i løypa og på nett.

Hallstein Vemøy

Klokka 20.00 var Vemøy endeleg framme i Ålesund etter å ha sykla 20 mil.

Foto: Privat

– Det dukka opp folk her og der som heia og hadde med seg flagg. Det var veldig morosamt. I tillegg har vi fått ein del spørsmål, så det er kjekt at det har skapt litt engasjement og at mange som har følgt med, seier Vemøy.

Trass i å vere litt sliten i beina etter å ha sykla 20 mil, var Vemøy svært fornøgd med turen.

– Det beste har vore naturopplevingane. Det er eit fantastisk vegstrekkje med mykje kystnatur. I tillegg til dei som stod langs vegen, fekk eg også selskap av to syklistar i løpet av turen, så det var også kjekt, seier han.

Her kan du sjå ruta Vemøy sykla.

Sykkelrute

Regnvêr skapte problem

Starten på turen gjekk ikkje heilt som planlagt då vêret skapte ein del problem.

Sykkel direkte - teknisk fiks

Regnvêr på starten av dagen skapte litt problem for teamet som var på tur.

Foto: Skjermdump / NRK

– Vêret førte til litt tekniske utfordringar og vi måtte stoppe nokre gongar for å dekke til det tekniske utstyret og for å gjere andre tekniske forbetringar, seier Vemøy.

– Det er så fint på Averøya og over Atlanterhavsvegen, men då var det både tjukk tåke og regnvêr. Eg følte at vi ikkje fekk vist så mykje av omgivnadane som ein skulle ønske, så det var litt fortærande på starten av dagen. Men vêret kan ein dessverre ikkje gjere så mykje med, held han fram.

Ville vise vegen og samtidig teste utstyr

Bakgrunnen for sykkelturen var at NRK Møre og Romsdal ønska å vise fram den nye nasjonale sykkelvegen gjennom fylket. Naturen på denne ruta er nydeleg og mykje av turen går på lite trafikkerte vegar.

Sykkel direkte -- kablar i sekk

Vemøy hadde med seg ein sekk med tekniske løysingar.

Foto: Terje Reite / NRK

– Dette fekk vi stort sett gjort, sjølv om vi måtte ta nokre snarvegar for å rekke ei ferje, fortel Vemøy.

NRK Møre og Romsdal gjorde også dette for å teste ulike typar sendeutstyr til bruk i forskjellige situasjonar.

– Turen i dag har gitt oss nokre gode erfaringar i forhold til dette. Det er ikkje alt som har fungert maksimalt, men mykje har gått etter planen, så alt i alt er eg veldig fornøgd, seier Vemøy.

Sykkel direkte - kamera bak

Dette kameraet viste kva som skjedde bak sykkelen.

Foto: Terje Reite / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL