NRK Møre og Romsdal flyttar til Kremmergaarden

NRK Møre og Romsdal skal bli endå meir synlege og flyttar hovudkontoret sitt i Ålesund til Kremmergaarden.

Kremmergaarden i Ålesund

Kremmergaarden ligg rett ved Brosundet i Ålesund sentrum. Ved å flytte inn hit skal NRK Møre og Romsdal bli endå meir synlege for publikum.

Foto: Remi Sagen / NRK

Etter 23 år i Parkgata 6 i Ålesund er tida inne for NRK Møre og Romsdal til å flytte på sitt hovudkontor. No skal dei 30 tilsette inn i ein del av andre etasje i nybygget i Kremmergaarden, midt i sentrum av byen.

Charlotte Ervik, distriktsredaktør i NRK Møre og Romsdal
Foto: NRK

– Ei plassering midt i bybiletet ved Brosundet gir oss høve til å vere endå meir synlege. Å vere opne og tilgjengelege for publikum er eit viktig mål for oss når vi flyttar på oss, seier distriktsredaktør Charlotte Ervik.

Fleire alternativ blei vurdert før avtalen med Handelshuset Rønneberg blei inngått. Planen er at redaksjonen skal vere på plass i Kremmergaarden i løpet av februar 2021.

Dagens lokale er for store for NRK Møre og Romsdal, og i dei nye lokala blir redaksjonen samla på eitt plan.

– Vi gler oss til å kome inn i moderne lokale som er tilpasse drifta vår slik den er i dag, seier distriktsredaktør Charlotte Ervik.

Speglar Møre og Romsdal

NRK Møre og Romsdal har heile fylket som arbeidsområde, med hovudkontor i Ålesund og lokalkontor i Molde, Kristiansund og Ulsteinvik.

Kringkastingshistoria i Møre og Romsdal går heilt tilbake til 1924, då nokre pionérar frå Ålesund sette i gang med sendingar til fiskeflåten. I 1933 vart drifta overtatt av Norsk rikskringkasting, og NRK Møre og Romsdal er i dag eitt av NRK sine ti distriktskontor.

Med daglege tretimars radiosendingar morgon og ettermiddag, til saman 20 minutt med TV-sendingar og lokale nettsider, er NRK Møre og Romsdal det einaste mediehuset som dekkjer heile fylket. NRK Møre og Romsdal har også ansvaret for å spegle fylket til resten av landet.