NRK Meny
Normal

NRK løftar debatten om «Vestlandet»

I dag tek NRK debatten om «Vestlandet» heilt ut. Namnevalet til det nye fylket som Sogn og Fjordane og Hordaland skal bygge har sett fleire sinn i kok. No samlar vi heile landsdelen til debatt.

Geiranger

VESTLANDET: Landsdelen Vestlandet er mykje større enn kva det nye storfylket «Vestlandet» vil omfatte. I kveld kan du sjå debatt frå heile landsdelen direkte her 18.15.

Det har kokt over i kommentarfelt, nokre har til og med sett kaffien i vrangstrupen og fleire er i harnisk. Ja, reaksjonane har mildt sagt vore mange og kraftige.

Hallstein Vemøy

LØFTE DEBATTEN: Hallstein Vemøy, distriktsredaktør i NRK Møre og Romsdal ynskjer saman med dei tre andre distriktskontora langs vestlandskysten å løfte debatten i ei felles sending fredag.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Bakgrunnen for det heile er at Hordaland og Sogn og Fjordane skal bli eitt fylke, med namnet «Vestlandet». Stortingspolitikarar i Møre og Romsdal meiner det er eit namneran, fleire frå næringslivet har kasta seg inn i debatten, i tillegg føler folk i både Møre og Romsdal og Rogaland at dette er feil. For er ikkje dei også vestlendingar?

Difor vel NRK å løfte debatten og setje namnevalet på dagsordenen.

– Sidan vedtaket om namnevalet har skapt eit slikt engasjement med ulike meiningar, så vil vi løfte debatten opp og køyre ei felles sending saman med NRK Rogaland, NRK Hordaland og NRK Sogn og Fjordane om dette, seier distriktsredaktør i NRK Møre og Romsdal, Hallstein Vemøy.

Bibbi Kjølås

PROGRAMLEIAR: Bibbi Kjølås vil lose sjåarane gjennom debatten frå studio i Ålesund.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Felles Vestlandssending på NRK1

I dag klokka 18.15-19.00 dreg dei fire distriktskontora saman ei real Vestlandssending som vil kringkastast på NRK1 i desse fylka, og på nett.

Frå studio i Ålesund vil programleiar Bibbi Kjølås lose sjåarane gjennom sendinga der vanlege folk, politikarar, næringslivsfolk og kulturpersonlegdommar skal belyse debatten om «Vestlandet». Vi skal sende direkte frå både Florø, Bergen og Stavanger – i tillegg til Ålesund.

Dyveke Buanes

STAS: Dyveke Buanes, distriktsredaktør i NRK Hordaland seier at sjølv om fylkeskommunane ikkje har klart å samarbeide, har vi i NRK klart det.

Foto: NRK

– Det er stas at vi har fått til ei felles sending, at alle var positive til forslaget og har raskt klart å hive seg rundt. Sjølv om fylkeskommunane ikkje har klart å samarbeide, har vi i NRK klart det. Og det på rekordtid, seier Dyveke Buanes, distriktsredaktør i NRK Hordaland.

Håvard Ketil Sporsheim

IDENTITET: Håvard Ketil Sporsheim, vaktsjef i NRK Møre og Romsdal, meiner dette handlar om identiteten til folk – på Vestlandet.

Foto: Jon-Arne Akselsen / NRK

– Dette blir spanande. Dette er å ta ein debatt heilt ut. Det handlar om identiteten til folk – på Vestlandet. Vi veit mange har kjensler knytt til dette. Vi vil forsøke å spegle ulike sider ved denne debatten, seier Håvard Ketil Sporsheim, vaktsjef i NRK Møre og Romsdal.

– Kva ynskjer NRK å oppnå med dette?

– Vi vil få fram dei sentrale røystene som har vore for og i mot, frå ulike stadar i landsdelen. Vi kjem til å ha med oss stemmer frå alle dei ulike fylka, som vi håper belyser temaet frå litt ulike ståstadar, legg Vemøy til.