Hopp til innhold

Få med deg aller siste valdebatten før valdagen

I dag sender NRK Møre og Romsdal politisk debatt direkte frå kjøpesenteret Moa i Ålesund.

Bergljot Hjorthol, Håvard Ketil Sporsheim, Bibbi Kjølås

Bergljot Hjorthol, Håvard Ketil Sporsheim og Bibbi Kjølås vil kvar veke fram til valet ha valsendingar frå ulike stader i fylket.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Sendinga går direkte på P1 frå klokka 14.00.

Det er berre få dagar til valdagen. Måndag må du ha bestemt deg. Og i dag har NRK Møre og Romsdal den aller siste debatten før folket skal gå til urnene.

Send oss spørsmål

NRK oppfordrar også publikum til å sende oss spørsmål på sosiale medium.

– Under sendinga vil vi gjerne ha spørsmål frå publikum. Desse vil vi stille politikarane, seier Kjølås.

Facebook-sida vår finn du på brukarnavn NRK Møre og Romsdal, det same heiter vi på Twitter. På Twitter kan du og kommentere debatten. For at vi skal sjå innlegget ditt vil vi under valsendingane bruke emneordet (hashtaggen) #nrkmogrvalg.

På Instagram finn oss på NRKMogR. Her vil vi også legge ut bileter frå debattane.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL