Hopp til innhold

Testar om saueull kan erstatte plast i kjøkkenhagar

Saueull i kjøkkenhagen kan halde ugras i sjakk, viser ny forsking. I framtida blir ull kanskje meir vanleg enn plast hos den som dyrkar grønsaker og bær.

Råull brukt i grønsakkasse for å halde unna ugras.

Desse grønsakene er dekt med råull. Det betyr ull henta frå sauen utan noko form for bearbeiding. Ulla hindrar at ugras byrjar vekse opp. Eit dekke av plast kunne vore alternativet.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Ein naturfaga, voven ullduk dekker jorda rundt grønsaker og jordbærplantar som stekkjer seg mot sollyset på Tingvoll på Nordmøre. Ugras finst ikkje.

– Dette er kjempespennande å teste ut. Sjølv brukar eg ull rett frå sauen som dekke rundt bringebærbuskane i hagen. Ulla hindrar både ugras og uttørking av jorda. Attpåtil gir ho verdfull næring til jord og planter, seier Kirsty McKinnon.

Kirsty McKinnon studerer grønsakkarm der ull er brukt mot ugras i staden for plastduk.

I karmen med grønkål kan ikkje Kirsty McKinnon finne ugras. Kålen er omgitt av eit dekke pigmentert ull som elles er lite verdsett.

Foto: HANS-OLAV LANDSVERK / NRK

Ho er forskar og rådgjevar ved Norsk senter for økologisk landbruk, NORSØK, ved Tingvoll gard. Det er eitt av landets fremste fagmiljø innan økologisk landbruk, hagebruk og andre fagområde.

Frå verdlaus til verdifull

Det er den lite verdsette ulla frå gamle, norske sauerasar forskarane konsentrerer seg om. Forskarane meiner den farga ulla kan ha stor verdi, og vere med og minske miljøproblema plast skaper i naturen.

Sauer av rasen Gammalnorsk spælsau på beite i Stranda på Sunnmøre.

Ein trio gammalnorsk spælsau der dei mange fargenyansane i ulla kjem til sin rett. Sauerasen er ein av dei mest opphavlege i landet, og har aner som går tilbake til vikingtida.

Foto: Sjur Ringstad

– Vi testar ut ulike typar dekke som vove ullduk, filta eller tova ull, og råull. Det siste er ubearbeidd ull rett frå sauen. Så sjekkar vi kor raskt dei ulike ullprøvane blir brotne ned, forklarer McKinnon.

Den store garn- og tekstilindustrien nyttar for det mest kvit ull frå sauerasen norsk kvit sau, den vanlegaste sauen her i landet. Om lag ein tredel av all norsk ull blir årleg brukt i norsk industri som sjølv fargar ulla for tekstil og garn.

Miljøet på Tingvoll meiner Noreg har eit svært godt system for å samle inn og bedømme kvaliteten på saueull.

Kirsty McKinnon ved NORSØK på Tingvoll

Kirsty McKinnon ved eit av forsøksfelta der ein filta ullduk dekker jorda rundt jordbærplanter. Leidningar går til termometer for registrering temperaturendringar i jorda.

Foto: HANNE IREN DAHLEN

– Men slik systemet er no, blir kvit ull mest verdsett og betalt. Også den finaste mjuke, farga ulla kan bonden få betalt for. Men ull som ikkje er fin nok til første klasse, blir nesten ikkje betalt for, seier Lise Grøva, ved Norsk institutt for bioøkonomi, Nibio, ved Tingvoll gard.

Ho leier prosjektet der fleire fagmiljø søkjer nye måtar å utnytte den naturleg farga ulla på.

– I 2019 blei rundt 60 prosent av all ull som blei levert inn her i landet, vurdert som førsteklasses, fortel Grøva.

Det er ulla frå gamle sauerasar i fargenyansar frå grått, brunt og svart, eller ei blanding av desse, som blir dårlegast betalt, viser statistikken. Dermed lønner det seg ikkje for bonden å levere inn ulla, som ofte kasserer henne i staden.

Bjøllesau av rasen Gammalnorsk spælsau på beite i Stranda på Sunnmøre

I solskin kjem det vide spekteret av fargar ekstra godt fram.

Foto: Sjur Ringstad

– Vi har ikkje gode nok tal på kor mykje ull som går til spille årleg, men det kan dreie seg om over eitt hundre tonn. Det er for gale at denne ulla ikkje blir nok verdsett, meiner Grøva.

Selskapet Animalia AS er med på Tingvoll-prosjektet fordi dei driftar systemet for bedømming av ull på vegner av Landbruksdirektoratet.

– Samanlikna med resten av Europa blir svært lite ull kasta her i landet. Men vi ser også at norsk industri ikkje er interesserte i å kjøpe alle typar ull. Ønsket er å få auka verdiskapinga av ull med lågast verdi, og finne nye bruksområde for henne, seier fagansvarleg Siv Uldal i Animalia.

Ullgenseren skal bli gjødsel

Forskarane har lenge visst at ull er så næringsrik at den faktisk kan brukast til gjødsel for det som spirer og gror.

Lise Grøva jobbar ved NIBIO på Tingvoll gard.

Når ullgenseren blir så utsliten at han ikkje lenger kan brukast, skal han gravast ned for å bli ugrashinder, har eigaren bestemt. På vegen mot nedbryting blir han om til fin, fin jord, meiner Lise Grøva.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

I vår grov dei difor små ulldottar ned i jorda for å sjekke. Då same jorda blei spadd opp i november, trudde dei knapt eigne auge. For same kor dei snudde og gnei molda mellom hendene, fann dei ikkje det dei leitte etter. Saueulla var så å seie borte vekk.

– Vi blei skikkeleg overraska. Berre småbitar av ulla var att, medan jorda var porøs og svært god, seier Kirsty McKinnon.

Saueull som har blitt om til jord. Dei små kvite prikkane er sopp som virkar nedbrytande på ulla.

Lite av ulla forskarane grov ned i jorda på vårparten, var att då resultatet blei testa no i november.

Foto: Vegard Botterli / NORSØK

– Eg for min del skal grave ned ullgenseren min i eit grønsakbed når han blir skikkeleg utsliten. Kanskje går sitjeunderlaget same vegen, smiler Lise Grøva, og meiner alvor.

Ho er overtydd om at farga ull har berekraftig og miljøvenleg verdi og bruksområde.

Begeistring

Ny bruk av det som i utgangspunktet blir sett på som verdilaus ull, inspirerer og begeistrar mange også utanfor forskingsmiljøet.

– Det er ein skandale at ulla frå dei fine sauene våre ikkje blir brukt til ullgarn og andre produkt. Når vi berre får nokre øre kiloen, lyt vi diverre destruere det aller meste av henne, seier sauebonde Per Henning Hole i Sykkylven.

Sauebonde Per Henning Hole i Sykkylven saman med saueflokken som er av rasen Gammalnorsk spælsau.

Sauebonde Per Henning Hole har ein flokk sauer av rasen gammalnorsk spæl, og meiner det er på høg tid at meir av den fargerike ull blir verdsett.

Foto: Bjørg Frøystad Hole

Han driv eitt av rundt 14 000 sauebruk her i landet, og er mellom dei stadig fleire som driv med gamle, ofte verneverdige sauerasar.

Per Henning og kona Bjørg har rundt 30 sauer av rasen Gammalnorsk spælsau. Sjølv om Bjørg lagar sauefeller og strikkar ein del av ulla, ønskjer dei endring i systemet for sortering, bedømming og klassifisering av ull.

– Farga ull som ikkje når opp til første klasse, er ein viktig, men tapt ressurs. Vi håpar forskarane kan finne ny bruk av denne sterkt undervurderte ulla, seier Per Henning Hole.

– Veldig spennande

På sikt kan forskinga kome til å minske bruken av plast både i kjøkkenhagar og hos dei som driv profesjonell dyrking av bær og grønsaker.

– Dette er spennande forsking vi ønskjer velkomen. Får ein tatt i bruk ressursar som elles ikkje blir brukt på fornuftig måte, er det bra på alle vis. Slike løysingar må vi leite etter heile tida, kommenterer leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, og kryssar fingrane for prosjektet vidare.

Den vidare forskinga vil vise om dukar av saueull i grønsak- og bærhagar har så lang levetid, at dei blir ein reell konkurrent til plast.