NRK Meny
Normal

Listhaug tilbakefører 12 stillingar til Tingvoll

Bioforsk på Tingvoll frykta at forskingsinstitusjonen skulle forvitre eller fusjonen med NIBIO. I dag tilbakeførte landbruksministeren 12 stillingar til Tingvoll.

Bioforsk på Tingvoll frykta at forskingsinstitusjonen skulle forvitre eller fusjonen med NIBIO. I dag tilbakeførte landbruksministeren 12 stillingar til Tingvoll.

Med fusjonen forsvann alle leiarstillingane frå Tingvoll. Men i dag besøkte landbruksminister Sylvi Listhaug Bioforsk/Norsøk på Tingvoll. Og ho hadde med seg ein klar beskjed.

Vi har kome fram til ein protokoll som skal definere framtida til stasjonen i Tingvoll. NIBIO skal halde fram med forsking, men NORSØK på Tingvoll skal fronte økologisk landbruk i Noreg, seier landbruksminister Sylvi Listhaug.

Målet er å få forbrukarane til å kjøpe meir økologisk mat. Her får NORSØK på Tingvoll ei spesiell rolle med å formidle fordelane ved økologisk mat.

På Tingvoll jublar dei ikkje, for denne formidlingsoppgåva er ikkje like lukrativ som den forskinga dei dreiv før.

Vi må ha inntening. Vi kan ikkje berre fremme økologisk produksjon. Vi må også drive forsking. Vi må bli ei eiga forskingsstifting. Vi har ambisjonar om å få til dette. Men det skal vi gjere for eiga rekning, seier Gunnar Waagen, styreleiar for Norsk senter for økologisk landbruk.