Den nye storfilmen i Marvel-universet har noregspremiere på kino 7. juli. Delar av den er spelt inn på Sæbø i Ørsta, men det blir ikkje mogleg å sjå filmen på den lokale kinoen.
Grunnen er at «Black Widow» blir sleppt på straumetenesta Disney + mot ekstra betaling, berre to dagar etter kinopremieren.
– Hadde gledd oss til å vise ein film som var spelt inn her
Janne Skarstein er kinosjef i Ørsta. Ho seier dei veldig gjerne vil vise filmen med scener frå sin kommune, men at dei ikkje kan vere med på avtalen som Disney legg fram.
Kinosjef i Ørsta, Janne Skarstein, skulle ønske dei fekk vist filmen med scener frå kommunen.
Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK– Det er rett og slett stussleg. Her har vi gått å gledd oss, og så går det ikkje. Det kunne ikkje ha vore noko meir trist eigentleg.
For at det skal vere verdt å vise filmar på kino, meiner Skarstein at det må gå litt tid før dei også blir tilgjengelege på nett.
– Filmane er laga for det store lerretet. Vi syns det er synd at dei skalerer det ned til ein TV-skjerm eller mobiltelefon, og at det skal vere plattformen filmane blir sleppt på. Det er ikkje rett for publikum, seier ho.
Delar av filmen «Black Widow» er spelt inn på Sæbø i Ørsta.
Foto: Marvel StudiosEkstase i bygda
Amina Kvistad Jelti jobbar på den lokale Jokerbutkken på Sæbø. Ho seier det var ekstase i bygda då filmen vart spelt inn.
Mange nysgjerrige kom for å sjå om dei fekk eit glimt av det som føregjekk. Jelti syns det er kjipt at ein ikkje kan sjå filmen på kino i kommunen.
– Den har jo klipp herifrå, og det er kjekt å sjå bygda si på kino. Du får ikkje den same følelsen og effekten av å sjå det på TV heime i stova, seier Jelti.
Amina Kvistad Jelti jobbar på butikken på Sæbø. Ho skulle ønske ho kunne sjå Marvelfilmen på den lokale kinoen.
Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRKLes også:
Vil beskytte kinoane
Kino-organisasjonen Film og Kino, meiner at norske kinoar ikkje bør vise filmen «Black Widow».
– Vi godtek minimum 45 dagar frå kinopremiere til filmane kjem ut på andre tenester, seier administrerande direktør Guttorm Petterson.
Guttorm Petterson i Film og Kino seier dei vil beskytte kinoane, ved å ikkje vise den nye Marvelfilmen.
Foto: Guttorm PettersonTil dei som har gledd seg til å få sjå heimkommunen sin på kino, seier Petterson at det er frykteleg synd.
Får dårlegare tilbod, til same pris
Jannicke Haugen i Nordisk Film Kino, seier dei nektar å sende filmen «Black Widow» på sine kinoar.
– Viss kinovindauget blir korta ned, skal filmen vere billegare. Men det er ikkje Disney interesserte i å diskutere. Då er heller ikkje vi interessert i å vise filmen.
Vil ikkje kommentere
Nordisk Film og Kino og Film og Kino seier dei forhandlar med Disney, om å få eksklusivitet til nye filmar i ein viss periode. Men at Disney ikkje vil gå med på det for alle filmar.
Mattias Vestin i Disney sitt nordiske pressekontor svarer kort i ein e-post til NRK, at dei ikkje vil kommentere saka.
Desse stadene skal vise filmen på kino: Alta, Kirkenes, Lakselv, Narvik, Vardø, Bergen, Berlevåg, Dokka, Eidsvoll, Florø, Fredrikstad, Glomfjord, Grimstad, Kolvereid, Kvinesdal, Måløy, Nordkapp, Lillestrøm, Moss, Oslo, Sandnes, Sarpsborg, Ski, Skien, Sotra, Stavanger, Ålesund, Porsangmoen, Risør, Tromsø og Åndalsnes.