Hopp til innhold

Norsk verdsmeister i boogie-woogie på heimebane

Regjerande verdsmeister Torbjørn Solvoll Urskog tok laurdag kveld nok ein gong førsteplassen i VM i boogie-woogie - denne gongen på heimebane i Noreg.

Norsk VM-siger i boogie-woogie på heimebane

Det norske paret på toppen av pallen under premieutdelinga i Molde laurdag kveld.

Foto: Bjørnar Solvoll

Verdsmeistrar i boogie-woogie

Glade vinnarar etter premieutdelinga.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Verdsmeisterskapen i gjekk av stabelen i Molde laurdag, med i alt 140 dansarar frå 14 nasjonar representert.

Solvoll Urhaug har tidlegare dansa med Susanne Barkhald Sandberg, men stilte denne gongen i par med sveitsiske Flora Bochereau. Dei to har berre dansa i lag sidan februar.

- Vi er heilt ubeskriveleg glade, vi har nettopp starta å danse i lag. Så dette er heilt overveldande, seier Solvoll Urhaug til NRK etter premieutdelinga.

Dommarar under VM i boogie-woogie

Dommarane følgjer merksamt med under konkurransen

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Han er godt fornøg med meisterskapen. No trur han at presset blir stort på dei framover.

–Når vi vinn i den første store turneringa vi deltar i i lag, så er det klart at det betyr auka forventningar vidare. Men det kan vi leve med. Dette var berre fantastisk, seier han.

Opning av VM i boogie-woogie i Molde.

Sjå video frå opningsseremonien i Molde laurdag.

14 nasjonar på parketten

Sissel Mehren frå Molde Svwing- og Rockeklubb

Sissel Myren frå arrangørklubben Molde Swing- og Rockeklubb etter ein hektisk dag.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

I alt 14 nasjonar var i sving under meisterskapen i Molde laurdag. Arrangørane, Molde Swing- og Rockeklubb, hadde jobba lenge for å få arrangementet til Norge, og var godt fornøgde i dag i dag.

-Her er det mange blide folk og gode tilbakemeldingar, seier Sissel Myren frå arrangørklubben.