Hopp til innhold

Norsk trålar tatt inn til kontroll i Russland

Reketrålaren «Arctic Swan» er tatt inn til Murmansk for kontroll. Trålaren er mistenkt for ulovleg fiske.

Artic Swan

Reketrålaren «Arctic Swan» er tatt inn til Murmansk for kontroll (Arkivfoto).

Foto: Harald M. Valderhaug

Konstantin Pogadajev, talsmann for grensestyrkane i den føderale sikkerheitstenesta i Russland (FSB) seier trålaren blei stoppa i russisk sone i Barentshavet mistenkt for ulovleg fiske.

Han seier vidare at båten ikkje er i arrest og at kapteinen frivillig gjekk med på å gå inn til Murmansk for nærare undersøkingar. Enten blir det oppretta sak mot reketrålaren, eller så blir den sleppt fri, opplyser Pogadajev til NRK. Det er uklart kor lang tid dette vil ta.

UD kjent med situasjonen

Pressetalsperson i Utenriksdepartementet, Astrid Sehl, seier at dei er kjent med at reketrålaren «Arctic Swan» er brakt til Murmansk av russisk kystvakt for inspeksjon.

– Russiske myndigheiter har no innleidd undersøkingar om bord på trålaren. Generalkonsulatet i Murmansk gir konsulær bistand til kaptein og mannskap og er i kontakt med skipets agent på staden. Vi ventar på nærmare informasjon i saka frå russiske myndigheiters side, seier Sehl.

Astrid Sehl

Pressetalsperson i UD, Astrid Sehl, seier at Generalkonsulatet i Murmansk gir konsulær bistand til kapteinen og mannskapet.

Foto: Anders Hammer / NRK

Hamnemyndigheitene i Murmansk opplyser at trålaren no ligg til hamn i Murmansk. Ifølgje dei blei den arrestert på russisk side i Barentshavet på grunn av ulovleg fiske. Det var den russiske grensevakta som arresterte fartøyet og tok det inn til Murmansk.

– Mannskapet er ved godt mot

Interesseorganisasjonen Fiskebåt opplyser at reketrålaren blei beordra til Murmansk for kontroll tysdag kveld i samband med utsegling av russisk sone i Barentshavet. Fartøyet skal berre ha fiska i få dagar, men måtte avbryte fisket på grunn av motorproblem.

Arctic Swan

Sporing via Marine Traffic viser at trålaren blei tatt med inn til Murmansk.

Foto: Skjermdump Marine Traffic

– Fartøyet har rapportert korrekt kvantum, men det er usikkerheit knytt til korrekt bruk av omrekningsfaktorar. Vi håpar at fartøyet raskt kan kome i fiske igjen, seier reiar Einar Jan Remøy via interesseorganisasjonen Fiskebåt.

Remøy presiserer at i den grad det er gjort ein formalfeil, så må reiarlaget ta ansvaret for det.

– Vi poengterer at det er rapportert inn korrekt kvantum for dei få dagane Arctic Swan var i fiske i russisk sone, seier Remøy som viser til at mannskapet har det bra og er ved godt mot.

Båten blir drifta frå Alta, men er eigd av Remøy Rederi på Sunnmøre. NRK har vore i kontakt med reiarlaget som ikkje vil kommentere saka ytterlegare på dette tidspunktet.

Trur trålaren får reise snart

Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt seier at skipet ikkje er tatt i arresten, men at det er tatt inn til kontroll.

– Der vil det bli kontrollert om dei har brukt regelverket rett og om dei har rapportert rett mengde fangst om bord, seier han.

I mai 2017 blei den norske reketrålaren «Remøy» arrestert av den russiske kystvakta i ein kontroll i Barentshavet. Fiskeridirektoratet hadde nemleg gjort ein feil ved utfylling av eit lisensskjema til russiske styresmakter. Skipet blei liggande tre veker i arrest, før det fekk forlate Russland. Maråk fryktar ikkje at det same vil skje igjen.

Audun Maråk

Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt.

Foto: Fiskebåt

– Dette er ei sak av ein heilt annan karakter. Her er det snakk om ein formalfeil, seier han.

Maråk seier likevel at det er uheldig at trålaren har blitt beordra inn for kontroll.

– Det er ikkje ønskeleg, men ut ifrå det vi har fått vite så har trålaren rapportert korrekt. Det kan vere ei misforståing knytt til rett bruk av dei ulike omrekningsfaktorane, men det er meir ein administrativ feil.

– Kva skjer om dei har rekna feil?

– No må vi vente å sjå kva som eventuelt er gjort av feil. Men så langt vi kjenner til så er det rapportert inn rett kvantum til både norske og russiske myndigheiter. Vi håper å få løyst saka på kort tid.

Maråk seier at dei kjenner til liknande situasjonar der det har vore uklarleikar knytt til det russiske omrekningsregelverket, men ikkje at skip har blitt beordra inn til Murmansk av denne grunn tidlegare.