Pris til Harvest Magazine
Prisen «Årets fjellgeit» går i år til Harvest Magazine. I år er det 20-årsjubileum for Norsk Fjellfestival. Harvest vil ta imot heidersprisen under festivalen i juli. – Nettmagasinet Harvest har sidan oppstarten i 2013 posisjonert seg som ein av landets viktigaste stemmer i arbeidet for å framheve verdien av natur, friluftsliv, naturglede – og miljømedvit i brei samanheng, skriv festivalen i grunngivinga.