Hopp til innhold

Norsk dominans på ny festival

Festivalen Ålesund Live vert arrangert for første gong til sommaren. Heile fem av dei seks namna på plakaten er norske.

Terje Erstad

– Det at det i hovudsak er norske artistar, ser eg berre på som ei styrke for festivalen, seier presseansvarleg Terje Erstad, seier

Foto: Torger Havåg / NRK

– Vi har veldig mange flinke band og artistar her i landet, seier presseansvarleg for festivalen, seier presseansvarleg Terje Erstad.

Det er Momentium som står bak festivalen Ålesund Live.

Erstad seier at dette er artistar dei har ynskja seg lenge.

Vi bookar uavhengig av faktorar som kjønn og nasjonalitet, men vi bookar ut frå det vi synest er bra. Dette er artistar vi har haldt eit auge med lenge, så vi er glade for å ha fått dei til årets festival.

NRK P3 sette ny rekord i fjor og spilte 39 prosent norsk musikk.

– Styrke for festivalen

Årets festival har blant andre Nico & Vinz, Bjørn Eidsvåg og Highasakite på plakaten.

Og Erstad er ikkje redd for at dei mange norske artistane har ført til at dei har gått glipp av nokre utanlandske.

– Det å booke artistar til ein festival, er alltid vanskeleg å få til å gå opp. Utlandet er veldig stort, så der er veldig mange gode artistar der ute. Men når det gjeld årets festival, føler eg vi har fått eit veldig godt program. Det at det i hovudsak er norske artistar, ser eg berre på som ei styrking av festivalen.

Plate og live

Platesalet er ikkje det ein gong var, merkar dei som arrangerer festivalar noko til det?

– Ja, artistane er veldig bevisste på det. I dag er det jo strømmetenester som dominerer, og det tener ikkje artistane like mykje på.

– Då må dei ut på vegen for å spele, og det er jo ein positiv konsekvens av dette. No får folk oppleve artistane på scena, i mykje større grad enn dei gjorde for til dømes 10 år sidan.

Ålesund Live vert arrangert den 12. og 13. juni, på St. Olavs Plass. Festivalen erstattar Midtsommarjazzen, som tidlegare har vore arrangert på same stad og tidspunkt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL