NRK Meny

Normal trafikk over Romsdalsfjorden

Ferjetrafikken over Romsdalsfjorden går no som den skal igjen, etter at bilferja Romsdalsfjord måtte takast ut av sambandet i går kveld på grunn av tekniske problem med straumforsyninga om bord. Bilferja Moldefjord har gått inn i A-ruta og erstatta Romsdalsfjord. Dermed er det igjen vanleg kapasitet i sambandet. Romsdalsfjord ligg framleis til kai i Molde, og det blir arbeidd med å rette feilen som oppstod i går kveld.

Ferger på Moldefjorden
Foto: Gunnar Sandvik/NRK