Hopp til innhold

Ekstrem nedbør og tørke prega juli

Vêret i juli er langt frå det folk ønskte seg til fellesferien. I Troms og Finnmark har det berre vore éin våtare juli sidan målingane starta i år 1900.

Dårleg sommarver i Ålesund

«DRITVÊR»: Ålesund er ein av stadane som har opplevd få sommardagar i år.

Foto: Fred Edvard Johannes Øie

– Juli var ein månad for kontrastar. Månaden var å rekne som både svært varm, kald, ekstremt våt og ekstremt tørr for forskjellige delar av landet, beskriv Meteorologisk institutt i juli-rapporten sin.

Medan vestlendingar jubla for kvart eit solgløtt i juli, kunne bønder i sør og aust ønske dei såg ei regnvêrssky. I Nord-Norge blei varmerekord etter varmerekord slått.

Normal temperatur, men ...

Ketil Tunheim, klimaforskar ved Meteorologisk institutt, seier temperaturen i juli har vore ganske normal i år.

– Men nedbøren har ikkje vore normal. I delar av Sør- og Austlandet har det vore spesielt tørt, medan andre delar av landet i snitt har hatt 30 prosent meir nedbør enn tidlegare.

Mange slet med å holde paraplyen i regnbygene i Ålesund.

Mange sleit med å halde paraplyen i regnbyene i Ålesund.

Tunheim seier vi kan forvente større svingingar i løpet av dei neste ti åra. Ekstrem tørke og nedbør kjem til å bli meir normalt. Spesielt ei næring kjem til å slite mykje på grunn av dette.

– Landbruket kjem til å bli veldig prega grunna meir tørke og flaumar.

Varmt, kaldt, vått og tørt

Nokre stasjonar i Finnmark har målt nedbør som er tre gongar høgare enn normal nedbørsmengde.

– Nord-Noreg har hatt det mest ekstreme vêret i juli. Sidan år 1900 har det berre vore éin juli som har vore våtare enn i år der. Det var i 2001, fortel Tunheim.

Årsaka til dette vêret meiner han er ei blanding av naturlege svingingar og global oppvarming.

– Snittemperaturen i år ligg berre 0,3 grader over normalen, men går ein 30 år tilbake, ser ein at snittet faktisk ligg ei heil grad over snittet den gongen.