Hopp til innhold

Desse er noregsmeistrar i frisering

Elevar frå Romsdal vidaregåande skule i Molde gjorde nesten reint bord under NM i frisering i Oslo denne helga.

Norgesmestre i frisering

Her er vinnarlaga NM i frisering 2014: Frå venstre er Karoline Tharaldsen Finsås, Malene Gammelsæter, Iris Holm Otting, Monika Strand Storvik, og Inger Line Eikrem.

Foto: Romsdal Vgs

VG2-elevane stilte i kategorien "Street fashion" i lagkonkurransen og konkurrerte mot 63 frisørelevar frå heile landet denne helga.

Malene Aas Gammelsæter (17) tok ein sterk andreplass i den individuelle konkurransen. Ho fortel til NRK at ho ikkje hadde forventa å kome på sigerpallen.

– Tårene rann medan eg sprang opp på podiet. Eg hadde aldri sett for meg at eg ville nå opp. Det var som ein draum.

Sterk lagprestasjon

Malene Aas Gammelsæter

Malene Aas Gammelsæter presterte sterkt med gull i lagkonkurransen og sølv i den individuelle konkurransen.

Foto: Romsdal Vgs

Gammelsæter var ikkje den einaste som gjorde det bra frå klassa hennar. Alle dei seks elevane som deltok frå å Romsdal Vgs kom blant dei ti beste. I lagkonkurransen fekk Inger Line Eikrem og Isabelle Nesset gull saman med Gammelsæter. Sølvet gjekk dessutan til Karoline Tharaldsen Finsås, Iris Holm Otting og Monika Strand Storvik.

Gammelsæter trur lagprestasjonen har si årsak i at dommarane likte at dei hadde tenkt ut ein heilskapleg plan med like dokkemodellar då dei deltok.

– Vi visste ikkje at kva at dei såg etter. Vi trefte tydelegvis det dei leitte etter, seier 17-åringen audmjukt.

25 minutt

Elevane hadde førebudd dokkemodellane med klipp og farge før dei kom til Oslo. Under sjølve konkurransen hadde dei derimot berre 25 minutt til å føne og style modellane ferdig.

– Føning er spesielt viktig, forklarar ho.

– Korleis feira de dei gode NM-resultata?

– Det vart sprudlevatn på hotellrommet etter konkurransen og middag på ein finare restaurant, fortel Gammelsæter.

Med suksessen frå helga har dei allereie begynt å leggje litt planar for neste års lærlingkonkurranse.

– Det vert litt skummelt, for då stiller dei høgare krav, seier ho.

To kvalifisert til VM

To frisørar frå Ålesund konkurrerte for Cancam i NM. Stine Myklebust og Pia Dietrichson deltok i kategorien aftenfrisyre og kreativ frisyre.

Dei vann 2. og 3. plass i begge kategoriane og samanlagd. Dei er med dette kvalifisert til VM.