NRK Meny
Normal

Noregseliten i diskgolf konkurrerer i Sula

No startar finalane i diskgolf på Vasset Diskgolfpark i Sula. 90 frisbee-kastarar frå 14 år til langt over 50 konkurrerer.

Øyvind Jarnes

ØNSKJER PUBLIKUM: Øyvind Jarnes (19) er «Tournament director» for diskgolf-stemnet på Vasset Diskgolfpark i helga.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

På diskgolf-bana ved Langevåg i Sula har det alt vore aktivitet i fleire dagar. I helga er det noregscup-stemne i sporten som minner mykje om golf, bortsett frå at ein kastar med frisbee – eller disk, som utøvarane gjerne kallar det. Diskane er mindre og tynnare enn tradisjonelle frisbeear og i ulike utføringar alt etter om ein skal kaste kort eller langt.

For den som vil sjå, men ikkje kan møte opp er det mogleg å følgje finalane strøyma direkte på nettet via nettsidene til Sula Open.

Deltakarar frå heile landet

Diskgolfspelarar frå Kristiansand

GLER SEG: Sven Erik Augland, Roy Mikalsen, Rune Kvåvik og Tom Weisser Pettersen frå Kvadraturen Frisbeegolfklubb i Kristiansand.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Fredag møtte vi mange deltakarar som trena i det litt ruskete vêret. Fire mann frå Kvadraturen Frisbeegolfklubb i Kristiansand var blant dei som prøvde ut bana med 18 «hol», eller korger, ved Vassetvatnet. Kristiansandarane er imponerte over anlegget og gler seg til å konkurrere.

–Vi er kanskje blant dei som har reist lengst, men dette måtte vi ha med oss, seier Tom Weisser Pettersen som skal konkurrere i Master-klassen.

–Beste bana i Noreg

Anders N. Danielsen

NOREGSMEISTER: Anders N. Danielsen tok tittelen på denne bana i fjor.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

–Vasset Diskgolfpark er den beste diskgolfbana i landet, seier regjerande noregsmeister i diskgolf, Anders N. Danielsen frå Ekeberg Sendeplateklubb i Oslo.

Danielsen håper å klare å forsvare tittelen som han tok under NM på akkurat denne bana i fjor sommar, men dette er eit noregscupstemne. NM er i Trondheim seinare i sommar.

Publikumsvennleg sport

Øyvind Jarnes

TREFFSIKKER: Øyvind Jarnes «puttar» disken i korga.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Arrangørane håper at mange vil ta turen til anlegget ved Vassetvatnet i helga. Konkurransen går føre seg heile laurdag og søndag.

–Men aller mest spennande er det nok på søndag når finalane går frå klokka 15, seier tournament director Øyvind Jarnes (19) som sjølv skal konkurrere som siste års junior.

Vêrmeldinga er bra for helga. Uansett skal det svært dårleg vêr til for at konkurransen ikkje skal gå av stabelen, forsikrar Jarnes, som ønskjer seg mest mogleg publikum under konkurransen.

Sjekk videoen under. Den viser litt meir om kva diskgolf går ut på.

Sjekk ut sporten diskgolf

VIDEO: NRK laga dette innslaget før NM i august i fjor.