Noregs håp før Fysikk-OL

Jonas Irgens Kylling frå Ålesund er Noregs fysikk-håp før OL i Bangkok i Thailand i juli. Tredjeklassingen ved Spjelkavik vidaregående skule gjekk heilt til topps i finalen i Oslo der deltakarar frå vidaregåande skular over heile landet møttes til kamp.

Jonas Irgens Kylling

Jonas Irgens Kylling

Foto: Iselin Nevstad Øvrelid / NRK

Sigeren kom brått på han sjølv om han visste han hadde gjort det bra.

- Eg blei veldig glad og litt overraska at eg gjorde det så bra. Vi var på kurs ei veke før den endelege prøva og lærte mykje nytt. Der prøvar dei å gi oss ein smak av kva vi kan vente oss på forkursa dei har i fysikk på universitet.

Jonas Irgens Kylling frå Ålesund står føre ein travel vår med russefeiring, eksamenar og førebuing til Fysikk- OL i Thailand. Saman med fire andre elevar skal han representere Noreg. Han håpar å nå langt, men han veit at konkurransen vert hard når over hundre nasjonar møtes for å teste kunnskapane i juli.

- Det krev mykje førebuing, men eg må også jobbe ein god del med skulefaga samt å vere russ. Eg får sjå kva det kjem til å gå utover, seier Jonas.

Intensivkurs før videregående

Ønskjer kortare utdanning

Finalist også i kjemi

Og for berre to veker sidan kom han heilt til noregsfinalen i Kjemi-OL. Men han ser for seg at det er matematikk han skal satse vidare på framover.

- Eg har ikkje greidd å bestemme meg for studiestad enno, men eg har bestemt meg for å satse på matematikk neste år. Så blir det kansje fysikk seinare.